Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 286

dal, Kongsberg. Born: Per Steinar, Torgeir, Rune Morten, f. og d. 1965.

Bernt Ingvar Uglem var først handelsstyrar i Trysil, seinare i Jon­dal og har no i fleire år drivi eiga forretning i Ski herad, Akershus.

Gunnar Edmund bur i Jondal og driv som lastebilsjåfør.

Peder Uglem har rydda kring 35 mål, hadde hest, 3 kyr og eit par sauer. I 1959 flytta dei til Jondal og bur no i Ski hos Bernt. Bruket har legi øyde sidan dei reiste, og avfóringa har vori bortleigd.

Gurine Pedersdotter Uglem, mor til Peder, var f. 1871. Ho d. i 1947, 76 år gammal.

SKJETTENLI
G.nr. 115, br. nr. 22.

Skjettenli er bureist av John H. Mogård, Vikvarvet. Mogård som fekk skøyte på bruket i 1938 sette opp stugu året etter. I 1941 sette han opp uthuset, fjøs, stall og låve.

John Haldorsen Mogård er f. 1904. Han er ugift. Han har rydda kring 25 mål, og dreiv med hest, kyr og sauer i fleire år. Seinare slutta han med krøterhald og har i fleire år drevi med anna arbeid.

SKJETTENÅS
G. nr. 115, br. nr. 23.

Bruket er bureist av KarI Lindset, Innstranda. Han fekk skøyte i 1938 og flytta hit same år, var den første som flytte til feltet. Dei bud­de i ei brakke første sommaren og hadde ei lita potetreit. Året etter fekk dei opp stugu og flytta inn til jul. Uthuset vart oppsett i åra 44 og 45. Til da stod krøtera i koie. Lindset har rydda kring 40 mål jord, har ein buskap på 4-5 naut og 5-6 sauer.

Karl Julius Lindset er f. 1904 og vart g. 1924 m. Ane Olsd. Moen, Mobakkan, f.1898.

Dei har 3 born:

  1. Signe, f. 1925, er sjukepleierske på Strinda sjukehus.
  2. Kristian, f. 1926 g. 1956 m. Lina M. Guldset, f. 1924. Barn: Kjell Lennart, f. 1966.

286