Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 287

Skjettenås med Skjettenli til venstre.

Bergljot, f. 1930, g. 1958 m. Torleif Slind, f. 1927. Born: Anne Kris­tin og Egil Steinar.

Kristian Lindset har maskinelt utstyr for grøfting og planering. Sa­man med Odd Nervik sette han igang ei kalkmølne ved Næssåsvollen som var i drift i fleire år. Kristian Lindset har vori medlem av herad­styret og har hatt fleire tillitsverv.

SKOGVOLL
G. nr. 115, br. nr. 24.

Bruket Skogvoll vart bureist av Edvard Eidem, Selbu, som fekk skøyte i 1938. Han sette opp stugu og låve og rydda eit fint jord­stykke på rundt 6 mål. Eidem som var ugift, tok seinare arbeid som bygningssnikkar i Trondheim. 11954 selde han bruket.

Som ny mann kom John Arvid Aunebak, Mosvik, f. 1922. Aunebak var g. m. Lovise Fagerli, Sundalsøra, f. 1918.

Dei har 5 born:

  1. Liv Oddrun, f. 1940, g. m. stuert Jan Helmersen, Trondheim.

287