Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 289

NESET
G.
nr. 116.

Me har alt sett at Bakken og Neset har vori ein gard, og at gammal­garden heitte Nes. Likeeins korleis dei to gardane ligg i høve til kvar­andre.

Gardsnamnet blir uttala Næsse, dat. Næssi, og ein reiser «åt Næssi» og bur «i Næssi». Av eldre skriftformer har ein Nes 1559, Ness 1590, Nes 1626, Næss 1668 og Næss 1723. Gardsnamnet treng inga tolking, for ein talar like ofte om nes ved elv som ved hav og fjord. Men der garden står no, leitar ein fåfengd etter nes. Garden har da heller ikkje stått der han no står frå først av. Garden er flytta, og det to gonger. Garden skal etter segna ha stått nærare elvmelen, omlag der kapellet står. Der føre skal den ha stått på «Tøftene», ei ækre på det lågare platået aust for garden, der brua over elva er. Og her har ein «neset» som garden har namn etter. Sjå bilete s. 261.

Garden skal ha vorti flytta etter vådeeld frå båe stelle. På Tøftene er branntomta enno synleg når jorda blir venda. Her har vori mykje stein i jorda, og det er funni blåheinar, vevsteinar og anna reidskap. På det andre stelle garden skal ha stått, har det og vori merke etter bureising. Ei lita grøbbe i ækra fortalde kvar husa hadde stått, og bekkvegen i elvmelen er synleg den dag i dag.

Gardflyttinga er nemnt i rettssaka på Neset i 1750 og Kirsten Rol­set som voks opp på Neset i slutten av 1600-talet og Christen Neset frå same tid, fortel at garden for uminnelige år attende to gong skal ha vori flytta etter å ha brunni ned, og at garden skal ha stått både «østen og vesten» for der han no står. Siste stelle vart påvist og låg i ei inngjerda trø like ved garden der det og var nokre steinrøyser.

Etter segna skal Neset ha sokki to gonger og, både i Loken og i Storgrøbba. På båe stelle er det djupe søkk eller dulper i lendet. Lo­ken er ei grøbbe i jorda like vest for Tøftene. Her er lendet så lågt at vårfloa som regel fyllte Loken. Her skal det ha sokki ein gard, seier segna. Storgrøbba ligg like ved garden, og der skal og garden ha sokki.

Neset og Bakken låg i teigblanding og felles hamning i utmarka til utskiftinga 1870.

Gardane har vid utmark som rekk like til Bukkhammaren i sør der den støyter mot Haltdal kommune. Mot aust grensar gardane til Hil-

289