Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 290

mo og i vest mot Tuset og Uthus si utmark. Mot Hilmo går merkes­lina omlag beint. Mot Tuset-Uthus følgjer ho to bekker: Lauvbekken sør for Usma og Fjoromsbekken nordafor. Nedi dalen kallest bekken no for Sagbekken etter eit nytt bekkefar som har ført bekken mot eit sagbruk. Merkesbekken som renn i elva ved Melan, er nemnt i rettssaka og er kalla Krokbekken.

Ved utskiftinga fekk Neset vestre halvpart framanfor Usma og austre halvpart innafor. Plassen Sørflakne som frå gammalt hadde vori brukt som seter av Neset, var rekna for å høyre denne garden til og vart halden utanfor utskiftinga.

Neset er nemnt første gong i rekneskapen for Steinvikholms len 1548/49. Oppsittaren er kalla Oden paa Nees. Han er ført med 6 mer­ker smør 9 merker mjøl i leding. Seinare skattelister har 8 merker smør 12 merker eller ½ pund mjøl.

Det var fleire eigarar om garden. Stigtens gods, seinare ført som kronens gods åtte 1/4 part eller ½  øre av skylda. Bielche pantgods åtte og ½ øre, medan resten, som utgjorde halvparten av eigedomen med 1 øre i skyld var odelsjord eller bondeodel.

I 1557 er Oden paa Nees etterfølgd av Biørn paa Nes som lik dei andre bønder var ilagt 1 dalar i skipsskatt.

Fleire brukarar er ikkje nemt før i 1611. Da satt Iffuer Nees som brukar, og han er siste brukaren som dreiv den samla garden. Garden har stutt tid etter vorti delt i to bruk.

Dei nye brukarane heitte Halduor (Haldvor ) og Gunder Nees. Gun­der bygde den nye garden  (Bakken) og han var leilending medan Halduor (namnet også skrevi Halffuor) Nees vart sitjande på den gam­le garden, og garden hans er ført i odelsjordeboka. Ein finn han i rekneskapane for 1624/25. Men garden vart delt før, for Gunder Nes er ført som leiglending alt i 1619.

Ledingen vart delt med 5 merker smør 7 merker mjøl på Neset og 3 merker smør 5 merker mjøl på Bakken. Skatten var lik, 5 ort på kvar i 1650 og 1 dalar i 1661. Skatten for engslætte like eins, 6 skil­ling på kvar. Småtienden, som ein finn oppført i jordboka for 1668, er derimot ført med 20 sk. på Bakken mot 12 på Neset. Korntienden derimot, var større på Bakken enn på Neset: 2 skjepper bygg 4 skj. havre i 1668 mot berre 3 skj. havre på Neset for same år. Gunder hadde nok fari med likaste åkerjorda, som Bakklia skal vera rekna for Det var meir frostnemnt og på Neset. I 1687 var åkeren «affrøsen» der, men dei på Bakken har levert 1 skjeppe havre i tidende dette året og. Året etter har dei nok ikkje hatt såkorn heller i Neset, for dette

290