Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 291

året låg garden «gandcke usaaid». Ingen av gardane har svara skatt for «Qvernsted», så kvernhuset i Fjoromsbekken må ha vori godt skjult om det har vori kvernhus der i den tida. Garden hadde i alle høve kvernhus der under rettssaka.

I koppskatten 1645 er Haldor Nees ført med Høstrue, men utan søner og døtter. Han må nok likevel ha hatt born, for ettermannen hans på garden heitte Anders Halffuorson og hadde ein bror som heitte Paaffl Halffuorson. Båe er ført i manntala 1664/66, Anders 49 år og Paaffl 36 år.

Anders er ført som brukar på Neset i 1657 og har da svara 1 Rd. l ort og 8 skilling i ledingsskatt. I 1650 var skatten på 5 ort og i 1661 på 1 Rd. Men i 1668 var denne skatten nede i 16 skilling.

Krøterhaldet på garden var i 1657, på 1 hest, 6 kyr og kviger, 2 geiter og 3 sauer.

Anders Halffuorson er ført som brukar på garden enda i 1680, men i 1684 er han avløyst, og da har me atter ein Halvor Nes på gar­den.

I mellomtida, i matrikkelen for 1683 er nemnt ein Peder Tomme­sen som brukar og eigar av garden, så oldelsarvingen har kanskje ikkje seti så lett i det. Det var ellest ikkje så godt for dei som åtte gar­dane å halde på odelen i denne tida, og ved neste generasjonsskifte går og garden for ei kort tid over på rikmannshender, nemleg Schøller. Det er i 1695. Halvor er enda ført som brukar, men Schøller er ei­gar da. Men Halvor Nes må ha falli frå før, for det var nok alt kommi nytt folk til gards da. Ellest er det lite det ein veit om Halvor. Han hadde ei dotter, Ingrid, som møtte som vitne i rettssaka, 60 år gam­mal og skulle etter det vere fødd i 1690. Etter det ho opplyser, var ho kring 10 år da ho reiste ut, truleg som gjetar og kom ikkje heim meir før etter ho vart gift, da losjerte ho heime eit par år, og vart så buande på ein plass under Tuset austre.

I 1701 har ein namnet på den nye brukaren. Han heitte Ole Jonsen, og var 50 år gammal. Han var frå Rønsberg. Han hadde berre døtrer, ser det ut for. Den eldste av dei, Kirsten Rolset møtte og som vitne i rettssaka, 63 år gammal, og ho fortel at ho var 7 år gammal da dei kom til Neset. Det skulle da bli 1694. I matrikkelen for året etter var Schøller ført som eigar av garden, har me set, men den nye bru­karen har nok på eit eller anna vis fått tak i garden og var odelsbon­de heile si tid. Kva kona til Ole heitte eller kvar ho var i frå veit ein ikkje. Men det ligg nær å tru at ho har vori frå Neset, av folka til Halvor, enten dotter eller syster hans etter som Ole skulle koma

291