Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 292

att på garden. Namnet hennar er og ukjent, men ho må ha heita Gun­hild etter namna på barneborna.

Ole Jonsen og «Gunhild» hadde 3 jenter:

  1. Kirsten, f. 1687, g. 1712 m. Peder Estensen Rolset.
  2. Marit, f. 1690, g. 1718 m. bergknekt Christen Jensen f. på Innset hytteplass.
  3. Ingeborg, f. 1697, g. 1725 m. Tørris Tarvaldsen frå Verchet.

Christen og Tørris kom til å drive Neset etter tur.

Oluf (Olle) Næs d. i 1718 og vatt gravlagt s. 6. trin. 65 år.

Christen Jensen og Marit Olsdotter var gift da, så det fall på dei og «Enchen» å ta i mot Armfeldts karar i jula da dei kom over Bukkham­maren. Neset var kanskje første garden dei kom tll, og karane har nok vori frosne etter fjellturen, no gjekk det først og fremst ut over kornstaur og skigard som vart rivi opp og kasta på båla. 5 små hus har og gått same vegen. Så bar det til å ta for seg. Skadetaksten kom opp i 95 riksdalar og 3 ort og er oppsett slik:

5 hus, skigard og kornstaur            16        -          1          -          «

17 ½  tynne bygg                            39        -          1          -         12

12 lass halm                                    6          -          «          -          «

17 ½ lass høy                                  8          -          3          -          «

2 småfe                                            1          -          «          -          «

Gardsreidskap                                  4          -          1          -         «

Klede og innbu                                 8          -          2          -         12

Matvarer                                           11        -          2          -          «

Her som over alt i Flora har svenskane raska med seg gardsreid­skap. Det ligg nær å tenkje seg at dei tok sledane først og fremst. Marsjen over Bukkhamaren har vel kosta Armfeldt mykje av trenet hans. Skulle han komme seg over til Sverige, måtte han skaffe seg tran­sportmidlar. At dei tok maten ut av bura, kan me ikkje undrast så mykje over. Dei gjorde snautt i fjøsa og, er det likt til. Men folk gjømte unna det dei var god for, og me har sett at dei berga kyrne på fleire gardar. Mat vart og bori vekk til setrar eller bur på løynde plassar i skog og mark. Neset og Bakken har hatt slike bur på ein sers avsides plass i Buåsdalen.

Som fortald før, så var Neset odelsgard, og enda i 1720 da skade­takst etter svenskane vart teken, er Neset odelsgard. Men to år seinare

292