Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 304

Didrik Næss var underoffiser. Gurine var småskulelærarinne. Dei budde i Trondheim før dei tok over ættegarden. Didrik var tilsett i firmaet til Ingebrigt Krogstad, gjorde fleire turar til Sverige som rei­sande.

I Didrik si tid vart fleire plassar og tomter under garden selde:

Sandmo i 1914, Nedregjerdet i 1918, skuletomta «Florheim» i 1921, Hansheim, Fremo og Øvermo i 1932 og Kirketomten i 1933. Same år vart slått- og beitretten til Enbakken ordna med makeskifte i Ellevs­dalen øvre, som fekk br. nr. 15.

Didrik kosta på husa, sette opp ny stall, reiv sommarstugu og bygde kårstugu i staden, og bygde ny lem over fjøset. Han slutta heilt med markafóringa, men setra som før, og fekk bygd køyrveg til setra på Dalen.

Didrik avanserte til stykjunker. Han var medlem både av skulestyret, heradsstyret og formannsskap, og var domsmann og lagrette. I grenda vart han den sjølvsagde leiar, formann i byggjenemnda for Flora bru som vart oppsett i 1916, fekk bygd ny skulestove, var med og skipa Handels­foreninga, og med i byggjenemnda for Flora kapell.

Didrik Næss døydde 1942, 68 år gammal.

Gunnar Næss, nesteldste son, hadde teke over gardsdrifta da fa­ren døydde og dreiv på same vis som faren. I 1947 kjøpte han eige­dommen for 10000 kroner og kår til mora, Gurine Næss. Gunnar hadde kjøpt skogstykket Storåsen før. Det er ein part av Åsvollsko­gen som vert seld til Huitfeldt i 1895. Skogstykket vart kjøpt i 1942 av Huitfeldts konkursbu. Parsellen fekk bruksnr. 18 og ei skyld på 0,28 mark og vart betalt med 9500 kroner.

Gunnar Næss vart g. 1942 m. Dagrun E. Flakne, f. 1921.

Dei har hatt 4 born:

  1. Dagfinn, f. 1943, landbr.skule, er heime.
  2. Gerd (tvilling), f.ogd.1943.
  3. Gerd Astrid, f. 1947, g. 1967 m. Gudmund Arnljot Sandvik, bur i Trondh., barn: Eva Grete.
  4. Eldbjørg, f. 1953, realsk.

Gunnar Næss har sett opp sag og saga tømmeret sjølv i fleire år.

No blir det levert, og det er bygd bilveg gjennom skogen. Han har bygd ny låve og modernisert stugu. Han var av dei første som kjøpte traktor i grenda og kjøpte første sjølvbindaren. Dei slutta med set-

304