Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 307

de mile ikkje langt unna, fekk brått sjå at det rauk så fælt frå mila hans Pe og la på sprang om noko kunne vera på far. Da dei kom fram, stod mila i ljos loge, men han Pe stod nokså roleg og såg på, heldt dei store handlovane sine mot logane og varmte seg. «Hærsj,» sa han og slekte seg kring munnen, «det har villa vori mykje arbeid på det der enno.»

I 1866 vart Stor-Pe enkjemann for andre gong. Beret Erichsd. døydde dette året, 72 år gammal. Fem år seinare døydde Stor-Pe. Han vart 79 år.

Dottera Beret Pedersdotter hadde da vori hos dei i fleire år. Ho er rett nok ført som losjerande i folketeljinga, men foreldra trong nok alt da hjelp i huset.

Enbakken vart no nedlagt som husmannsplass, og John Kvitlen kom og for med stugu. Beret flytta heim til dei.

I 1883 vart Enbakken ut skild frå Neset «til brug og beboelse» for eigaren, Gunhild Neset. Ho sette opp ny stugu og flytta til Enbakken etter å ha seld garden. Attåt Enbakken hadde ho teki unna Nerjaret til kårjord. Ho hadde markaslætte og seter og, så Enbakken vart som ein liten gard. Rådsdrengen, Bersvend Bakkhaugen som han no vart kalla etter han gifte seg, sytte for alt kararbeid på garden, og hjelp i huset vanta det ikkje. Ingeborg Smeplassen, Jens-Ingeborg og Magn­hild Jarlsenget (Gressli) var hos henne, og Kari Bjerken som hadde vaksi opp hos henne.

Gunhild Neset fekk stugu si bordkledd og måla, og stugu på En­bakken skal ha vori første målahuset i Flora.

Gunhild Neset d. i 1896, 85 år gammal.

Husa på Enbakken vart no selde og flytta vekk og jordvegen over­lati til bruk for den nye husbonden på Neset. I 1909 skøyta skifte­retten i buet etter Gunhild Neset dette bruket til Ole J. Næss (Bakken) for 700 kroner. Bruket vart lagt attåt Bakken som Ole Næss hadde kjøpt før.

I slutten av 1930-åra, vart det sett opp ei stugu på Enbakken att, nord for den gamle gardstomta som låg oppe ved bekken.

Denne stugu er oppsett av Gunder Bjerken som kjøpte stugulånet etter John O. Hegset på Øvermo. Gunder Bjerken og dottera, Oline, flytta hit i 1939.

Gunder d. i 1942, 90 år gammal. Oline vart buande her enda ein 10 års tid. Ho døydde på Selbu helseheim i 1965, 86 år.

307