Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 308

Stugu hadde ho da seld til husbonden på Bakken. No bur Torstein Kvello der.

Torstein Kvello er f.  i Selbu 1928, g. m. Eldbjørg Bjerkli, Lånke. f 1938.

Dei har 3 born:

  1. Turid Elinor, f. 1958.
  2. Sølvi Irene, f. 1959.
  3. Jens Arne, f. 1965.

NESMOEN Nedl. plass

Nesmoen eller Mo'n som det til vanleg vart sagt, låg vest for Neset, omlag midt på jordet. Plassen vart bureist på same tid som Enbakken, kring 1750.

Det var urydd mark der enda, og skogen stod tett. Hustømmeret vart hoggi mellom plassen og garden, seiest det.

Bureisaren heitte John Gundersen, var truleg frå nedi bygda ein stad. Han vart gift med ei av døtrene til Tørres Neset, Gunhild. f. 1735.

John og Gunhild hadde 7 born:

  1. Gunder, f.  1763, vart g. m. Anne Estensdtr. Tuset.
  2. Magnhild, f. 1765, gift 1802 m. Ole Olsen Nesset d. e.
  3. Siri, f. 1766.
  4. Tørres, f. 1768, konf. 1784.
  5. Ole, f. 1769.
  6. Jens, f. 1775, tok over plassen.
  7. Beret, f. 1778, g. 1811 m. Hans Johnsen Grøt, Haltdal, budde i Bjør­ken ei tid.

John Gundersen døydde 1808, 79 år gammal.

Gunhild Tørresdtr. døydde 1813, 76 år.

Jens Johnsen Neset var gift med Maren Olsdtr. Evenmo, Haltdal, f. 1776.

308