Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 309

Dei hadde 5 born:

  1. Gunhild, f. og d. 1803.
  2. John, f. 1805, tok over plassen.
  3. Magnhild, f. 1807, g. 1827 m. John Pettersen Hilmo.
  4. Gunhild, f. 1811, g. 1838 m. Ole Olsen Neset d. y.
  5. Olava, f. 1818, g. m. smed Peder P. Krogstad.

Jens Johnsen døydde 1859, 85 år gammal, og Maren Olsdtr. døydde 1864, 88 år.

Jens Moen hadde den første tinglyste festesetel på Nesmoen, skrevi den 1/ 2 1821.

Den neste festsetel er frå 1830 til einaste sonen, John Jensen.

John Jensen vart gift 1834 med Sigrid Sivertsdotter Uthus, f. 1801. Sigrid var dotter til Sivert eller Sjur Olsen Uthus som budde på plassen Hågån under Uthus vestre.

John og Sigrid hadde 3 born:

  1. John, f. 1835.
  2. Berit, f. 1837, døydde 1857, 21 år gammal.
  3. Maren, f. 1841.

Ingen av borna vart gift.

John Jensen, Moinn, dei kalla han, var låssmed han. Smia stod oppe ved bekken. Der stod tjøreflåkkån og som høyrde plassen til.

Mo'n var ein stor plass, nesten som ein gard. Det var store hus og til ein plass å vera. Fjøset stod mot sør og hadde to rom, kufjøs og smefjøs med ein åpen port i mellom. Det var køyrveg i den tida frå elvmælen til Nonshaugen og den gjekk gjennom garden i Moa og gjennom fjøsporten.

Stugu stod på nordre side, hadde gang og klave (kammers) attåt stugurommet. Loftshøgda hadde vindauge på endeveggen og eit lite eit oppfor inngangsdøra.

Låven stod mot aust, og buret og vedbua mot vest.

Ved folketeljinga i 1865 var dei fire personar i talet: sjølfolka, John og Maren.

Buskapen var på 5 naut og 8 sauer, og så hadde dei hest. Utsæden var ½ t. bygg, 1/4 t. havre og 1 t. potet.

Ti år seinare, ved teljinga i 1875 var hesten bytta i køyrokse. Ellest var storleiken på buskapen den same, men utseden var auka litt, til 2 t. potet og 7/8 tynne såkorn.

309