Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 310

Sigrid Sivertsdtr. døydde i 1867, 66 år gammal. Men dei var fram­leis fire personar i huslyden.

Anne Moa, dei kalla, var kommi der i pleie. Rette namnet hennar var Anne Knutsdtr. Tuset (Ørås). Ho var f. i 1834 og døydde i Moa i 1884.

Anne er ført som tenestjente i folketeljinga, men ho var no ikkje slik at ho forsørgde seg sjølv. Men ho hadde ikkje fattighjelp. Ei rik gammaltante i byen, hadde sett av pengar til forsørging for henne.

John Jensen Nesmoen døydde 1882, 77 år gammal.

Det gjekk så fort med han. Dokteren var til Nesmoen (Jensenn) John hadde gått dit for å treffe han, og døydde brått der, ramma av slag, med han satt på låvebrua og venta på å komme inn til dok­teren.

John Johnsen Nesmoen, Litl-Moinn dei kalla, var snikkar. Han for i gardane og panela, som regel berre klaven (kammerset). Han brukte liggjande brystpanel med spegelpanel ovafor, alt av sletthøvla og pløgde bord. John snekra vevleinar eller vevstolar og, gode saker som har vori ibruk hittil.

Litl-Jo Moa, som han og vart kalla, vart ikkje langliva kar. Han døydde i 1884, 50 år gammal.

John Johnsen Nesmoen skulle vere ein spretten kar i sine unge da­gar. Ingen kunne sjå på han om måndagsmorgonen at han hadde vori oppe båe helganettene. Ein flygar på ski var han og. All ungdom skulle til kyrkja i jula i den tida, i alle høve andredagen. Ein julmor­gon rente Litl-Moinn og Mæla-karane åt Haltdalskyrkja, og andre­dagen var dei ved Selbu-kyrkja.

Han Litl-Jo Moa dreiv mykje med køyring og hadde mykje å for­telja om alt han var borti, men dei rekna han ikkje for nokon arbeids­kar, akkurat.

John Johnsen døydde, vart plassen nedlagt. Fjøset og låven vart seld og flytta vekk, men dei andre husa, stugu, vedbua og buret stod på den gamle tufta så lenge Maren levde.

Det var god råd (godt utkomme) i Moa, så Maren kunne leve av pengane på sine gamle dager. Ikkje så lite arv vart det på henne et­ter fastera på Nesset heller. Ho hadde mange fine gamle ting som vart selde på auksjon etter henne: dragkister, klæaskar, krusfat og lik­nande. Eit fint sauma brurplag, kring 200 år gl., vart mønster for skau­tet i Trønderbunaden.

Maren Nesmo døydde på Selbu pleieheim 1921, 80 år gammal.

310