Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 311

Skulestugu med ungdomslokalet til venstre.

FLORHEIM
G.
nr. 116, br. nr. 10.

Florheim er namnet på skulehustomta. Flora skulekrins hadde ikkje eige skulehus før i 1888. Før den tid vart skulen halden i leigd rom på Tuset austre. I 1888 fekk så krinsen eige skulehus på Uthus, (Sko­gan). Skulestugu var av den vanlege type, eit klasserom (6,25 x 6,25m), gang og kammers og skorstein i kammerset for oppvarming av vaske­vatn.

I 1921 fekk grenda nytt skulehus på Næsmelen, på søre side elva.

Den nye skulestugu, som har to skulesalar og lærarbustad er teikna av skuledirektør Thommassen Overvik.

Bardo Flakne var lærar i grenda da og var den første lærar som brukte bustaden. Han var lærar i grenda til våren 1962, da han slutta etter 45 ½ års arbeid på skulen. Han flytta til Øverbygda der han har bygd seg villa.

Bardo Flakne, f. 1894 vart g. 1933 m. Ingeborg J. Rolset, f. 1903.

Dei har 7 born:

  1. 1. Ola, f. 1934, mekanikar, g. 1965 m. Tone Sisjord, Hjartdal, Tele­mark, f. 1937. Born: Bjørnar, Hanne og Inghild.

311