Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 313

Parti mot vest. I forgrunnen, frå høgre: Fabrikken, Fredmo, Øvermo og Viengtrøa.
Langs melen: Hansheim, Sandmo, Næssmo, Melan og Uthustrøa.

Ingeborg var interessert i misjonen og stod føre kvinneforeninga mange år.

Ingebrigt døydde i 1908, 52 år gammal. Ingeborg d. i 1922, 56 år.

I 1924 vart Sagplassen kjøpt av kårmann Ole O, Tuset for 500 kro­ner. Han kjøpte husa og, men sette opp nye hus både stugu og fjøs på ny tuft. Stugu kjøpte han på Hegsetbrauta etter Litj-Pe Andersen. Den vart no utvida med nystugu som vart oppsett av sperrverk. Ola Tuset pynta opp med måling, flaggstong og tre han planta, så det vart ein triveleg bustad.

Ola fora i utmarka attåt heimejordet og hadde både ku og sauer, og han og brorkona, Kristine Tuset budde i den nybygde heimen i over 10 år.

Ole Tuset fekk slag i 1933 og vart liggjande. Dei budde heime enda nokre år, og Kristine stelte den sjuke, men hadde da hjelp i huset. Dei siste åra Ola levde, leigde dei seg inn på aldersheimen. Kristine budde seinare heime att, og sist hos pleiedottera Anna Melan.

Ole Tuset d. i 1939, 85 år gammal. Kristine Tuset d. i 1947, 88 år.

Som ny eigar på Fredrno, kom no Ole I. Melan, systerson til Ola Tuset. Ole Melan var f. i 1878. Han var ugift, arbeidde i mange år på gruve. Han slutta på gruva og tok til som skinnhandlar etter første

313