Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 314

verdskrigen. Han budde i Lånke og hadde distriktet sitt innover til Verdal. I 1942 kjøpte han Fredmo og flytta inn eit par år seinare. Ole Melan var spenstig kar enda, og var med og gjekk fredsmarsjen, som eldste deltakar i grenda.

Ole J. Melan d. i 1962, 84 år gammal.

Eigedomen vart da kjøpt av Ingebrigt Flakne. Han har bygd om og modernisert stugu og sett opp garasje. Har leigevogn og driv lass­køyring.

Ingebrigt Flakne, f. 1917 vart g. 1967 m. Kari Gellein, Stjørna, f. 1938. Barn: Ingunn,f. 1967.

ØVERMO

Nedl. plass

Denne plassen låg like ved småbruket Øvermo. Plassen vart bureist i 1904 av John O. Uthus, Skogan. John som var f. i 1846 og g. m. Anne Didriksd. Hegset, var heime på Skogan til først på 80-åra, flyt­ta så til Hegset øvre som han dreiv kring 20 år. Etter å ha losjert i 3-4 år, flytta dei til Øvermo. John åtte husa på Hegset øvre og flytta dei til den nye heimstaden sin som vart inngjerda og oppdyrka.

John og Anne hadde 6 born, som fortald i stykket om Hegset. Tre av dei, Marit, Johanna og Beret var heime enda da dei flytta til Øver­mo. Beret vart gift i 1914 m. Ole Sivertsen Fordal, flytta til Me­råker og hadde 2 born: Anna og Sverre. Marit vart g. 1918 m. Kris­tofer Risholt, Åsen. Dei hadde ikkje born. Johanna var ugift og var heime. Eit barnebarn, John Didrik Jensen Næss, son til Marit, f. 1904 voks opp hos besteforeldra. Huslyden hadde som skikken var, teki namn etter staden der dei budde og skreiv seg for Hegset, John Jensen fikk av same grunn etternamnet Næss som han har brukt.

John O. Uthus d. i 1929, 85 år gammal. Anne Didriksd. d. i 1921, 81 år. Johanna Johnsd. d. i 1933, 52 år.

John Jensen Næss, som hadde vore heime, heile tida, gav no opp plassen som fall attende til garden. Husa vart selde og flytta vekk. Stugu, som vart kjøpt av Gunder J. Bjerken, vart oppsett att på En­bakken, der halvparten av det store stugulånet, den vel kjente «Skri­varstugu», framleis står.

John Jensen Næss som hadde teki seg av den vesle jordvegen med stor interesse, reiste no ut or bygda og slo inn på anleggsarbeid. Han

314