Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 316

Ole Barosen var frå Haugen, var f. 1864 og g. 1900 m. Serine Olsd. Bakken, f. 1871. Serine hadde ei dotter, Ingeborg Olsd. Bakken, f. 1893 som var einaste barnet deira.

Ole Barosen dyrka opp plassen. I 1931 kjøpte han småbruket Bakk­haugen, br. nr. 7 av Bakken.

Kjøpesummen var på 2700 kroner som var mange pengar den tida, men ved å hogge ut skogen som følgde med, dekka han det meste av kjøpesummen.

Ola kjøpte likevel ikkje hest om jordvegen auka, men dreiv på gam­malmåten og brukte ljåen heime som i utmarka. Han drog mykje, både høy og ved. Han var liten, men helsug og iherdig, lagga koppar om vinterkveldane og var sjølvhjelpt i mest alt dei trong til huset.

Ole Barosen Uthus vart 95 år gammal. Han d. 1959.

Serine Olsd, d. ,i 1946, 75 år.

Ingeborg Olsdotter hadde to born: Ole, f. 1915 og Inga Serine, f. 1924. Dei tok namn etter plassen.

Ole tok over bruka i 1939 og kjøpte samtidig heimrommet som fekk bruksnamnet Øvermo. Ole, som er bygningssnikkar har sett opp ny uthusbygning, stabbur, restaurert stugu og bygd nytt stort kjøken.

Søstera, Inga Serine vart g. i 1943 m. Petter Margido Bjerken f. 1911.

Petter Bjerken har drivi skogsarbeid, husbygging og anna tilfeldig arbeid.

Dei bur på Øvermo og er i hushald med Ole.

Dei har 2 born:

  1. Per Håvard, f. 1944, handelsbetjent på Floren Handelsforening.
  2. Inge, f. 1945, hjelper morbroren. Ingeborg Øvermo d. i 1965,72 år gammal.

HØGMO
G. nr. 116, br. nr. 22
.

Høgmo er ei villatomt på reina vest for Sagbekken. Tomta er kjøpt av Ole J. Bakken som sette opp villa åt seg her i 1962.

Ole Bakken er f. i 1914 av foreldra Ane og John P. Uthus. Ole er skogsarbeidar. Han er ugift.

316