Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 317

HANSHEIM
G. nr. 116, br. nr. 12.

Hansheim ligg vest for Øvermo. Småbruket vart bureist som hus­mannsplass i 1838 av Hans Jakobsen Nesset. Festesetlen er utstedd 7. juni. Plassen er kalla Hansmelen, men namnet vart unnatrengt av namnet Hansenn som bruket framleis blir kalla i dagleg tale. Sitt no­verande namn fekk bruket da det vart skyldsett.

Det stod tett tellskog her da plassen vart bureist.

Hans Jakobsen Nesset, f. i Singsås 1808 vart g. 1837 m. Mali Ols­dotter Nesset, f. 1814.

Hans og Mali hadde 2 born:

  1. 1. Ole, f. 1841 tok over plassen etter foreldra.
  2. 2. Jakob, f. 1845 g. m. Magnhild Hilmo, dotter til John Pettersen og Magnhild Jensdtr. f. Næsmoen. Dei hadde ei dotter, Mali som døydde i 1866 3 veker gammal.

Jakob og Magnhild reiste til Amerika året etter, men Magnhild nåd­de ikkje fram. Ho døydde på båten. Jakob busette seg som farmar, ein av dei første kvite, i Red-River Valley, Minn., vart gift og hadde eitt barn og mange barnebarn. Han var flittig til å skrive heim. Breva var skrevne på maskin. Jakob Hansen var sikkert første floring som brukte skrivemaskin.

Hans Jakobsen, Gammal-Hans, var skomakar og skal ha vori den første som laga pluggasko i grenda. Han var ivrig fiskar, kom alltid att med fisk når han gjekk med stonga. Han brukte vad(snøre) av heste tagl. Han var tolmodig og kunne sitte ut og bort og vente på napp. «Det kjem vel snart en hob», brukte han å seie.

Hans Jakobsen døydde 1891, 83 år gammal.

Mali Olsdotter døydde s. å., 77 år.

Om jordsbruket i Hans og Mali si tid opplyser teljinga i 1865 at dei sådde 1/8 t. bygg og sette 1 t. potet, og at buskapen var på 3 naut, 4 sauer.og 3 geiter.

I 1875 hadde dei ikkje geiter, men 4 naut, 12 sauer og køyrokse, og utsæden var da 1 kvarter bygg, 1/8  t. blandkorn og 2 1/2 t. potet.

Ole Hansen Næss vart gift 1865 med Gunhild Olsdotter Bakken, f. 1846.

317