Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 319

Jakob Næss og likeeins broren, Ole O. Næss arbeidde ei tid på gruve. Båe lærte målaryrket, og Jakob dreiv yrket og utførte meste­parten av målararbeidet i heimbygda. Han var og tømrar og tok ellest alt slags arbeid.

Jakob Næss døydde 1967.

Bruket er bortleigd til naboen, Ole Øvermo.

SANDMO
G. nr. 116, br. nr. 8.

Sandmo ligg vest for småbruket Hansheim og har vori husmanns­plass som dei andre bruka her. Det er truleg at det budde folk her alt i 1790-åra. I manntalet for 1801 er det ført ein husmann utan jord under Neset, og det er truleg at han budde her. Husmannen heitte Erik Pedersen, var 61 år, g. 1775 m. Ane Andersdotter, 52 år gammal.

Dei hadde 7 born:

  1. Beret, f. 1775, truleg d. som barn.
  2. Agnis, f. 1777, tente på Gresli i 1795 da ho vart konfirmert, budde seinare i Flora.
  3. Beret, f. 1778, d. 1788.
  4. Peder, f. 1780, konf. 1796.
  5. Anders, f. 1785, d. 1788.
  6. Erik, f. 1789, konf. 1806.
  7. Beret, f. 1793, kon f. 1809, g. 1843 m. enkjemann Peder Tørresen Neset.

Dei to gutane veit ein ikkje meir om.

Erich Pedersen d. i 1803, 77 år svarar ikkje til den oppgjevne al­deren ovafor.

Huslyden flytta frå Neset, men budde der enda da yngste barnet vart konfirmert. I 1811 losjerte Ane Andersd. på Uthusplassen saman med Agnis som da hadde ei dotter, Beret, m. Einar Pedersen Uthus. Beret vart f. 1800 og g. 1824 m. hm. Peder Halvorsen Hilmo. Agnis hadde to born til, båe m. Ole Olsen Neset d. e.: Magnhild og Mali voks opp på Neset, og er omtale der. Likeeins Agnis, som tente der.

Folka som no kom til Sandrno, var frå Haltdal. Mannen heitte Ta­rald Ellevsen og kona heitte Beret. Ho var dotter til Ole Jørgensen Ramlo og Marit Pedersd. Flatbergeng på Gåre. Tarald var og frå

319