Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 320

Gåre, men budde på Grøtlihaugen i Aungrenda. To born fylgde dei til Flora: Ellev Taraldsen, konf. her i 1809, og Tarald Taraldsen, f. 1802.

I manntalet 1825 er sonen Ellev Taraldsen ført som husmann, 35 år gammal og g. m. Magnhild Olsdotter, søster av Ole Olsen Neset d. e. Tarald Ellevsen var da død. Mora, Beret Olsd. var 78 år og er ført som kårenkje. Dødsåret hennar er ukjent. Broren, Tarald T a­raldsen hadde truleg fare attende til Haltdal.

Ellev og Magnhild hadde 5 born:

  1. 1. Beret f. 1820(?).
  2. 2. Ole, f. 1826.
  3. 3. Tarald, f. 1829.
  4. 4. Gerhard Busk, f. 1835, d. ½  år gammal.
  5. 5. Magnhild, f. 1839, heimedøypt av John Tuset, Viengtrøa. Barnet døydde.

Mora, Magnhild Olsdotter døydde ein månad etter ho fekk barnet, 46 år gammal. Ellev gav no opp plassen og for attende til Haltdal.

I 1842 flytta husbonden, Ole Olsen Neset d. e. til plassen. Dette året selde han sin part av Neset, som han hadde drivi dei siste 10 år, og fekk festesetel av kjøparen same dag (24/2) på plassen «Mæ­len».

Ole Olsen var 61 år da, og kona, Ane Hansdotter var 57. Dei had­de to ugifte døtrer som følgde dei. Den eldste, Ragnhild, f. 1818 vart g. 1846 m. Peder Einersen Hegset. Den yngre, Beret f. 1820 vart g. same år og vart buande heime. Mannen hennar var John Torkel­sen Flakne, Klevan, f. 1816.

I 1865 hadde dei 3 kyr og 3 sauer og sådde 1/8 t. bygg og sette 1/4 t. potet. I 1875 var krøterhaldet auka til 1 køyrokse, 5 naut og 7 små­fe (sauer), og dei sådde ½ t. korn. og sette 2 t. potet.

Ole Olsen Neset d. e. d. i 1870, 89 år gammal. Ane Hansd. d. i. 1872, 87 år.

John Torkelsen og Beret Olsdotter hadde 1 barn: Magnhild, f. 1852. John Torkelsen bygde til ei stugu eller langkammers til den gamle. Plassen, i dagleg tale kalla «Tarallenn», fekk no namnet «Joenn» John Torkelsen d. i 1877, 61 år gammal.

Beret Olsdotter vart 84 år. Ho d. i 1904.

320