Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 321

Magnhild Johnsd., f. 1852 vart g. 1874 m. Ole Pedersen Uthusplass, f. 1847. Han hadde vori ein tur til Amerika, og skal ha hatt 200 kro­ner i pengar da han kom att, etter 2-3 år.

Ola og Magnhild hadde 9 born:

Dei tre første, John, Jonetta og Ane d. kort tid etter fødsla.

4. Johanna, f. i 1877, g. 1901 m. Ole Renaldsen Kulset, f. 1876.
5. Ane, f. 1880, d. 1891.
6. Beret, f. og d. 1883.
7. Peder, f. 1884, d. 1906.
8. Ole, f. 1887, r. til Am. 1910, farm ved Midle River, bur no i Ro­seau, Homalka, Minn., g. 1919 m. Anna M. Nordling, Molung i Dalane, Sverige.
9. Beret, f. 1890, g. 1918 m. Gunder O. Hoåsaunet, Lånke, f. 1892.

Ole Pedersen Næss d. i 1911, 64 år gl., Magnhild Johnsd. d. i 1909, 57 år.

Ola var tømrar og gråsteinsmurar, arb. i kvernfjellet, dreiv tømmer­hogging og handsaging, og var med i onnearbeid på Strinda om vå­rane.

I 1910 tok svigersonen Ole R. Kulset over plassen. Kona, Johanna Olsd. døydde om våren same år 33 år gammal.

Dei hadde 2 born:

  1. Rikard Birger, f. 1904, g. 1928 m. Julie Moslet. Born: John, Ole, Johan, Baro, Per Jarle, Ragnhild Johanna, Magnar, Jan Bjarne og Reidar.
  2. Olaf Petter Kolset, f. 1907, lærar, g. 1930 m Brynhild Eline Uthus. Born: Oskar Bjarne, d., Ole, Einar, Johanna og Kolbjørn.

I 1913 vart Ole R. Kulset g. att m. Mali J. Stokmo, f. 1881 og hadde 5 born:

  1. Johan Magne, f. 1913, ug.
  2. Bergljot Regine, f. 1915, g. m. Håkon Rolset. Born: Målfrid, Tho­mas og Brit.
  3. John Olav, f. 1915, (tvilling) d.
  4. John Olav, f. 1917, bur heime, g. m. Petra Tørrisdal, Røros. Born: Odd Idar, Per Olav, Morten Malvin.
  5. Martin Ingvald, f. 1919, bur på Moen, Mosletta, g. m. Marit Fjell­gård. Born: Inger Margrete og Ole Magnar.

321