Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 322

Ole R. Kulset dreiv Sandmo til om våren 1914. Han tok da over heimrommet, gav opp plassen i Flora og flytta til Kolset.

Plassen Sandmo vart no utskilt 12. juni 1914 og seld til Ole Pet­tersen Uthus. Han tok sidan namnet Sandmo.

Ole P. Sandmo, f. 1878 vart g. 1916 m. Ragnhild Gundersd. Ut­hus Haugan, f. 1878.

Dei hadde 2 born:

  1. Peder Ingvald, f. 1918, d. 1919.
  2. Ingeborg Petrine, f. 1919, g. 1943 m. Bernhard Fjeset, Singsås, tok over bruket.

Ole og Ragnhild ofra seg heilt for jordsbruket som er på mellom 25 og 30 mål. Ole dreiv skogsarbeid, og dei hadde reinhaldet i skul­stugu i mange år. Ole laga ljåorv og river som det var stor spurnad etter. Det var langt til vasskjelda på Sandrno, og Ola fekk lagt spring­vatn.

I 1946 overlet dei bruket til svigersonen og tok føderåd.

Ole Sandmo d. 1963, 84 år gammal. Han var medlem av skulestyret og med i byggjenemnda for Flora kapell.

Ingeborg og Bernhard Fjeset har 5 born:

  1. Reidun Karin, f. 1943, real- og postskulen, tilsett på postgirokontoret, g. 1968 m. Niels Rasch-Olsen, Oslo.
  2. Kari, f. 1944, g. 1964 m. Arne Åsen, Mesna.
  3. Ola, f. 1947, yrkessjåfør, Lillehammer.
  4. Jan, f. 1952, realsk.
  5. Bjørn Ingar, f. 1958.

Bernhard Fjeset har drivi ymse slags arbeid attåt jordsbruket, skogs- bygnings- og anleggsarbeid. Han har restaurert og modernisert hovudlånet.

NÆSSMO
G. nr.
116, br. nr. 2.

Næssmo ligg som nummer tre av småbruka på Næssmælen rekna frå aust. I dagleg tale blir bruket kalla Jensenn etter ein brukar som heitte Jens.

Bruket som har vori plass under Neset er ført i folketeljinga for

322