Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 323

1801. Det er ført ein husmann med jord, Erik Henningsen, 39 år gam­mal. Kona heitte Gjertrud Pedersdotter, og var 47 år. To born er ført opp: Marit Eriksdtr. 11 år og Peder Eriksen, 6 år.

Desse folka har nok vori dei første her og må reknast for å ha bu­reist plassen.

Av kyrkjeboka går det fram at Erik var son til Henning Eriksen på Baro-Marit-plassen under Hegset. Erik var f. i 1762 og g. i 1789 m. Gjertrud Pedersdtr. Præstegaard. Kvar ho var frå veit ein ikkje. Dei hadde 3 born i alt. Attåt dei to som er nemnt, fekk dei ein gut som vart kalla Henning, f. 1801.

Erik Henningsen var sikkert gruvarbeidar og har fari frå bygda da hytta vart nedlagt, men budde på Næsmo enda i 1811. I 1825 er det kommi nytt folk på plassen.

Etter Erik, kom Paul Didriksen Bakken og kona Ingeborg Peders­dtr. Ho var frå Hegset, f. i 1784. Han var fødd i 1768, og dei vart g. i 1814.

Paul fekk festesetel på plassen 1821, og den er det første tinglyste dokument for dette bruket.

Paul og Ingeborg hadde ikkje born. Paul døydde i 1835, 68 år gam­mal. Han skal ha vori litt av ein original, gjekk i ei blåfarga, lødda sauskinnsbrok, er det fortald.

Ingeborg heldt fram med det vesle jordsbruket og er ført som hus­mann med jord i folketeljinga 1865. Ho var 84 år da, men budde åleine på plassen og hadde 2 kyr og 4 sauer.

I 1875 låg plassen øydde. Ingeborg budde hos søstersonen, Baro Erik­sen Uthus dei siste åra.

Ingeborg Pedersdtr. døydde 1874, 96 ½ år gammal. Ingeborg hadde godt utkomme og kunne råde seg med ting som ellest ikkje var vanleg på gardane. Finaste tingen var ein gyldenlærs lenestol, utskoren med løvelabbar og all stelling. Baro Eriksen fekk stolen, men den hamna diverre på lasset til ein antikvitetshandlar.

Folka som no kom til Næssmo, var Jens Eriksen Sørflakne og kona, Ingeborg Johnsdtr. Dei kom her i 1879 og var da komne opp i åra, Jens 62 år gammal og Ingeborg 52. Dei hadde ikkje born, hadde berre seg sjølve å syte for no etter dei kom til Næssmo.

Jens tok mykje av fóret i marka, slo på Gardalen attåt markaslættet

323