Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 324

som høyrde plassen til. Han hadde køyrokse, så han trong ikkje på hjelp for å få foret heim. Noko seig i snuen var han, alltid sein heimafrå om morgnane, så det vart kolmørk kveld før han kom att. Og In­geborg nervøs og redd det kunne ha henda han noko, og kunne ikkje vera heime, men laut finne folk og gjekk til grannegardane.

Jens Eriksen døydde i 1891, 74 år gammal. Ingeborg laut no ha hjelp, og Torstein Nilsen Tuset flytte til Næssmo, men vart verande berre eit par år.

Næssmo hadde i medan vorti utskilt som eige bruk og seld til John Johnsen Uthus, som no flytta dit.

Ingeborg Johnsdtr. fekk føderåd og levde i mange år. Kom til slutt i pleie og døydde på Hilmo.

I Jens si tid vart plassen kalla Jensenn, og namnet blir framleis brukt i dagleg tale.

I Paul si tid var plassen kalla «Pålenn». Men dette namnet følgde Ingeborg Pedersdtr. (Påla) da ho flytta til Uthustrøa, som så vart kalla Pålenn.

I 1891 vart Næssmoen matrikulert eigedom ved skylddelingsforretning av 5. juni og seld til John Johnsen Uthus for 600 kroner. John var svigerson til seljaren.

John J. Næsmo, som han frå da av skreiv seg for, var f. i 1862, og g. 1889 med Ragnhild Johnsdatter Slind (Næss), f. 1869.

Dei hadde 14 born:

  1. John, f. 1890, ugift, gårdsarb. lengste tida på Evjegjerdet, d. 1966.
  2. John, f. 1893, d. 1911, arbeidde på Løkken.
  3. Ragnhild f. 1893, tvilling, ugift.
  4. Ole, f. 1895, d. 1963, gift, ikkje barn, var sjømann.
  5. Jørgen, f. 1896, tok over bruket som han dreiv ei tid.
  6. Brynhild, f. 1900, handelssk., g. 1926 m. Håkon Vinge, Skatval, to born: John og Helge.
  7. Regine Johanna, f. 1901, d. s. år.
  8. Johan Rikard, f. 1903, ug. kyrkjetenar, bur heime.
  9. Ane, f. 1905, g. 1937 m. Paul Oskar Molund, Mostadmark, eitt barn, Marta.
  10. Gunnar, f. 1906, utv., bur i Many Berrie, Alta, Canada, gift, born: Anne Elisabeth, Gunnar, John Ragnar, Artur og Marie.
  11. Ingeborg, f. 1908, d. 1909.
  12. Håkon, f. 1910, har heimgarden, ugift.

324