Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 325

13. Inga Johanna, f. 1912, sjukesøster, ugift.
14.
Birger, f. 1913, g. 1939 m. Borghild Petrine Solem, har villa på Grøtem, Selbustranda. 3 born: Ragnar, Gundbjørg og Brit.

John Næssmo hadde hest og dreiv mykje med køyring, tok på seg skogsbruk, dreiv og varekøyring frå Hell. Han var tømmerfløtar, var med heilt opp i 60-årsalderen. Han retta opp stugu og sette opp nye uthus, fjøs, låve og bur. I 1922 overlet han garden til nestelste son, Jørgen Næssmo for 6000 kroner og kår til seg sjølv og kona.

John Næssmo døydde i 1949, 87 år gammal.

Ragnhild Johnsdtr. døydde i 1954, 85 år.

Jørgen Næssmo vart gift 1929 med Marit Ingebrigtsdtr. Næss, f. 1894. Dei hadde 1 barn: John Ragnar, f. 1929.

I 1930, om våren, brann garden ned. Det var stilt ver med solskin.

Mykje folk strøymde til for å hjelpe til med å sløkkje og redde ut tu husa det som kunne reddast. Krøtera var i skogen. Mykje av inn­buet vart berga, men med husa var det ingen ting å gjera. Vatnet måtte berast frå elva, og det hadde truleg ikkje hjelpt om det hadde vori vatn nærare heller.

Jørgen sette opp nye hus. Fjøset vart mura av tiglstein og var første mursteinsfjøset i Flora. Stugu vart lafta av tre-toms plank som bruke­leg var da.

I 1932 vart Jørgen sjuk. Han selde da garden til broren, Håkon Næssmo. Skjøtet er skrivi i 1933, og kjøpesummen vart den same som seljaren gav da han kjøpte.

Jørgen losjerte i fleire år, først heime på Næssmo, seinare andre stader i grenda til han kjøpte tomt, og sette opp villa, Rønning på Uthus vestre.

Håkon Næssmo driv bruket i lag med søskena Johan og Ragnhild.

Ingen av dei er gift.

Ragnhild arbeidde i mange år, 20 i alt, på Selbu tuberkuloseheim.

Sidan har ho vori heime og hjelpt broren. Dei har setra på Nedalen i 17 år, og Ragnhild har vori både seterdeie, og kokke på turisthytta attåt.

Johan Næssmo har vori til Amerika. Arbeidde hos Laurits Løvøen som dreiv krøterfarm i Canada. Da bureisingsfeltet på Nekåbjørga vart teki opp, kjøpte han bruket Nekå, sette opp fjøs og tok til å rydde nyland, men har ikkje busett seg der, da broren trong hjelp heime. Sidan 1941 har Johan Næssmo vori kyrkjetenar ved Flora kapell.

325