Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 326

MÆLEN (LARSROMMET)
Nedl. plass

Mælen eller Larsrommet som plassen vart kalla, låg på jordet sør for Næsmo. Plassen vart bureist av Lars Ingvaldsen Neset i 1831. Han fekk bygsel av Ole Olsen Neset d. e.

Lars Ingvaldsen var frå Singsås. Kona heitte Ingrid Ingulsd. og var frå Gauldal ho og.

Dei hadde 3 born:

Ingebrigt og Beret, fødd i Singsås, og Marit, f. her i 1826.

Ingebrigt fór til Am., men kom att og busette seg på Einan (Berge) der han hadde ei svært fin stugu. Han var gift to gonger, men hadde ikkje born. Ingebrigt var snikkar, laga fleire skåp som han måla og pynta med bilete og anna under glas på skuffer og dører.

Beret vart g. m. Tomas Johnsen Rolsetbakk. Marit var g. m. Ole Johnsen Flakne på Enbakken. Dei hadde 2 born. Ingeborg f. 1855, Lars f. 1860.

Larsrommet var ikkje så stor ein plass, nettopp, men Lars fora i mar­ka og hadde 2 kyr og 5 sauer og sette ½ tynne potet og sådde 1/4 t. korn, etter det manntalet for 1865 opplyser.

Lars var 75 år da, og Ingrid 80. Marit, dotter deira var enkje, I 1875 var det berre to personar att på plassen: Lars Olsen, og mora, Marit Larsdotter.

Besteforeldra var døde. Lars Ingvaldsen d. i 1870, 82 år gl., og Ingrid Ingulsd. d. i 1872, 86 år.

Ingeborg, tente på Moslet. Ho hadde ei dotter, Oline f. 1878. Både mor og dotter fór til Am., og Ingeborg vart gift der.

Lars Olsen Næs vart g. 1879 m. Dordi Johnsd. Moslet. (Brudgom­mon), dotter til John O. Moslet og Sofie Johnsd. f. Hårstad. Dei reiste til Am. same år, og mora, Marit Larsd. følgde dei.

Plassen vart nedlagt.

Lars O. Ness tok hommested ved Ada, Minn. Hadde ein son: Al­bert O. Ness, f. 1879, g. 1902 m. Augusta Benson, 5 born.

Lars Ness sende pengar til kapellet, da det vart bygd.

326