Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 327

MELAN
G. nr. 116, br. nr. 3.

Melan ligg lengst vest av småbruka her, like ved merkesbekken.

Bruket vart bureist kring 1810 av ein Ingebrigt Ingebrigtsen. Han var innflytter, var frå Singsås og kom til Flora som skomakar, vart gift og vart buande her. Kona heitte Ingeborg Sakariasdotter. Ho var fødd i 1786. Foreldra var Kari Olsdotter og Sakarias Knutsen Tuset. Kari vart seinare gift med Jens Estensen Sørflakne og er omtala både der og i stykket om Tuset vestre.

Ingebrigt fekk festesetel på Melan i 1817, for seg og si kones livs­tid, men dei må ha bureist plassen før. På Melan stod tellskogen så tett at dei laut blinke vegleid ned til elva, er det fortald.

Ingeborg og Ingebrigt hadde 2 born:

  1. Kari, f. 1813, g. m. Petter Pettersen Uthus,
  2. Ingebrigt, f. 1825.

Ingebrigt jr., var ein tettbygd og velvaksen kar. Han var så tung i vatnet at han kunne vade til han drakk av elva. Og så var han sterk og. Når han køyrde høy frå marka, leidde han aldri oksen i skjækene medan lasset stod i snøgropa, men rykte det fram sjølv med hendene. «Dreg ikkje eg lasset tu snøgropa, så dreg ikkje oksen det til dals,» sa han.

Ingebrigt vart berre 40 år gammal. Han d. i april 1865, ein månad før mor si. Han var ingen stor kar, berre så alminneleg, men gjekk under namnet Stor-Ingebrigt for di det var kommi ein yngre Ingebrigt til gards då han døydde, systerson hans. Stor-Ingebrigt var ikkje gift.

Faren, Ingebrigt Ingebrigtsen Næss d. i 1857, 76 år gammal. Ingeborg Sakariasdotter d. i 1865, 79 år.

Svigersonen var død da, men Kari tok over bruket.

Petter Pettersen Uthus, f. 1798 vart g. i 1834 med Kari Ingebrigtsd. Næs. Dei vart gift i Haltdal. Petter Pettersen var haltdaling, men tente på Uthus austre i Flora før han vart gift. Petter var son til Pet­ter Pettersen og Agnes Olsdtr. Grøt. Faren skal ha vori frå Hilmo i Tydal opplyser Haltdals-boka. Petter og Kari losjerte på fleire plas­sar i Flora m. a. i Bjørken. I midten av 40-åra kom dei attende til

327