Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 329

Ragnhild og Ingebrigt Melan,

Ingebrigt Pettersen vart g. i 1868 m. Ragnhild Olsd. Tuset, austre, f. 1845.

Dei hadde 10 born:

  1. Petter, f. 1868, ug. var heime.
  2. Ingeborg, f. 1870, g. m. Ole T. Tuset, Viengtrøa.
  3. Kari, f. 1872, d. 1874.
  4. Ola, f. 1874, ug., gruvearb., d. 1912.
  5. Ingebrigt, f. 1876, tok over bruket.
  6. Ole, f. 1878, ug. gruvearb,. og skinnhandlar, kjøpte eige­domen Fredmo.
  7. Kristian, f. 1882, skomakar, g.1915 m. Beret Olsd. Stokke, tok over heimgarden til kona, 4 born: Gurine, Ragnhild, Inga og Ole.
  8. Gunder, f. 1883, ug. gruvearbeidar, d. 1932.
  9. Karen, f. 1886, g. m. Peder O. Flakne.

10. Olaus, f. 1891, handelsstyrar på Floren Handelsforening, g. m. Anna T. Tuset.

Det ville vera både omtanke og arbeid til for å føde fram ein så stor barneflokk på eit lite bruk, og Ingebrigt strevde seint og tidleg med å dra til husar. Ragnhild hadde meir enn nok med barneflokken og husstellet. Borna laut sjølvsagt hjelpe til først dei greidde det.

For sønene vart det arbeid nok å få på gruvene i grannedalføra.

Petter var ein tur over til Amerika, men kom att, og gruvene vart ar­beidsplassen hans og.

Ingebrigt Pettersen Melan d. i 1928, 82 år gammal. Ragnhild Ols­dotter døydde 10 år før, 73 år.

Bruket hadde dei overdregi til sønene Petter og Ingebrigt.

Ingebrigt I. Melan vart g. 1911 m. Beret Bersvendsd. Krogstad, f. 1884.

Dei hadde 4 born:

  1. Bernhard, f. 1909, d. 1951.
  2. Ragna, f. 1912, driv bruket saman med broen. Ivar.

329