Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 330

3. Ivar, f. 1915.
4. Ole, f. 1919, g. 1945 m. Ingeborg T. Rønsberg, Kråkå, teki over bureisingsbruket Trygstad, 3 born: Tomas, Birgit og Inge.

Ingebrigt I. Melan arbeidde i mange år på Løkken-gruva i Meldal, hadde jobb som elektrikar. Slutta etter han vart gift for å hjelpe til heime. Han og Petter dreiv bruket i lag. I 1929 kjøpte dei setra Åsvollen og setra i mange år. Dei på Melan hadde setra før og, medan Ingeborg var heime. Ingeborg og Ragnhild Haugan setra på Storli­vollen på Hegsetdalen etter hundreårsskiftet. Seinare på Hilmovollen sør for Usmsjøen.

Petter Melan d. i 1951, 83 år gammal.

Ingebrigt og Beret Melan døydde i 1965 med ein månads mellom­rom. Ingebrigt d. 29/11 og Beret 31/12, han 89 år gammal, og Beret, 81 år.

Syskena Ragna og Ivar Melan har teki over bruket.

SØRFLAKNE
G. nr. 116, br. nr. 6.

Sørflakne som har vori plass under Neset vart bureist i slutten av 1770-åra. Bruket ligg på søre side av Nea rett over for Flaknan og har fått namn etter denne garden. I dagleg tale blir garden kalla Au­net. Det tyder på at bruket har lege øyde etter ei tidlegare busetjing, som har vori tilfelle og.

I rettssaka på Neset 1750 fortel eit vitne at det var to brør på Ne­set ein gong, den eine budde på garden og den andre på Sørflakne, og at Neset sidan hadde setra på Sørflakne. Retten var på åstaden. og vitna peika ut 3-4 steinrøyser der det hadde vori åker. I rettspro­tokollen har dei brukt namna Flakne og Sørflakne seter om kvart anna. I dagleg tale har det alltid vori sagt Aunet. Først da bruket vart kjøpt, vart Sørflakne teki som bruksnamn og har sidan vori brukt som familienamn. Til garden høyrer elvbjørga langs Nea oppover til ein stad dei kallar Storvelta og eit stykke innover langs Usma.

Plassen Aunet med skogstykket vart bortbygsla som plass av gene­ral Krogh til Jens Estensen. Far hans som arbeidde på gruva, Esten Olsen Stokke, budde på ein plasse under Hegset. Heile huslyden flytta no til Sørflakne. Esten døydde i 1786, 67 år gammal.

330