Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 332

Arveskifte vart slutta i mars 1819 med pant i varer for samtlige.

Stervbuenkja, Kari Olsd. fekk rett til eit jordstykke, som ho dreiv med ho levde. Ho flytta til Melan, til dottera Ingeborg. Kari Olsdotter, d. i 1854, 91 år gammal.

Erik Jensen vart g. 1817 m. Beret Pedersd. Hegset, f. 1791. Dei hadde 8 born:

  1. Jens, f. 1817, dreiv plassen med foreldra levde.
  2. Ingeborg, (Stor-Ingeborg) f.  1818, ug.
  3. Peder, f. 1821, døv frå det fjerde år, i pleie, først heime, seinare på Stortrøa hos søstera Stor-Ingeborg.
  4. Baro, f. 1823, bureiste pl. Uthustrøa.
  5. Ingeborg (Litl-Ingeborg) f. 1825, ug., sette opp stugu på Stortrøa.
  6. Kirsti, f. 1827, g. i Klæbu.
  7. Karen, f. 1830, g. 1853 m. Josias Pedersen Hegre, Stjørdal.
  8. Mali, f. 1834, g. 1858 m. Rolf Johnsen Moslet.

Om dei økonomiske tilhøve den tid søskenflokken vaks opp, har ein av sønene Baro Eriksen fortald litt. Dei laut sjølvsagt ut å tene etter kvart som dei vaks til. Han var gjetar, og gjekk berrføtt i skogen. (Heime på gardane var det nok vanleg at borna gjekk berrføtt om somrane). No gjekk det ikkje betre til enn at guten vart såføtt og laut heim. Men mor hans grødde att føtene. Ho brukte heimelaga råder som drog ut uterta tu såra så dei grodde og han kunne fara til setra att.

Mjølet ville som regel ikkje rekke til. Ein vår hadde dei ikkje anna enn furuborkmjøl da dei skulle bake. Men leivane ville ikkje halde. Da for far deira borti Kvernbekken og mol bein, og med beinmjølet som rennmjøl, kjevla dei ut leivane.

Da hytta ved Mølnåa kom i gang, vart det høve til å tene nokre skillingar, og det som kanskje var enda likare, det vart høve til å kjø­pe korn. Bruket tok opp både korn og salt som vart levert ut til arbeidsfolk og andre som leverte kol og anna til verket. Eirik Sør­flakne, nytta seg og av dette høve. Baro vart senda i veg for å borge korn. Guten var så vidt konfirmert, og gjekk berrføtt denne gongen og. Vel komen fram, vart han standande litt likvis. Bryggemannen, ei kjempe av ein kar, heldt nett på å kaste ut to karar som var komne i same ærend som han, men som ikkje fekk noko. Dei var fulle og brukte seg gjorde dei og. Baro, kom seg ikkje til å seie ordet, før kjempa kom bort til han og spurte med det blidaste mæle: «Va er

332