Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 335

Petra og Peder P. Sørflakne.

1903, budde på Heimdal. Born: Birger Paul og Per Olav.

Eit barnebarn: Peder Estensen Sørflakne, f. 1903, vaks opp på Sør­flakne, gjekk underoffiserssk., reiste til Amerika 1926.

Peder Sørflakne restaurerte stugu og sette opp ny låve. Stugu vart dregi ut på midten og kammerset teki til kjøkken. Stugu vart bord­kledd og måla og romma vart panela. Det var steinhylle i skåpkråa i daglegstugu, ei firkanta ei, og så stor at ho vart høveleg til golv i verandaen som no vart sett opp. Peder rydda bakken ova garden og fleire ækrer på flata. Han la springvatn og bygde vognveg på eigen kostnad langs elva til Simaplassen. Han dreiv garden i 35 år til 1915, da han overlet han til eldste sonen.

Peder P. Sørflakne d. i 1929, 76 år gl. Petra Sørflakne d. i 1919, 61 år.

Jonas Sørflakne vart g. 1912 m. Sigrid Larsd. Lien, Selbu, f. 1889. Dei fekk 9 born:

  1. Peder, f. 1912, landbr.sk., gardsstyrar på ymse plassar, seinare reisande for Geilo fabr. ug.
  2. Petra Julianne, f. 1914, handels'sk. dreiv butikk i Trondh. g. 1953 m. Ragnvald Dahl, lensmann i Salangen, f. 1916 d. 1957.
  3. Bjarne, f. 1916, befalssk. g. 1946 m. Anlaug Skogan, bilverkstad i Mebond, Selbu. Born: Jarle, Eugen, Ingebjørg og Sigrid.

335