Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 336

4. Ingeborg Bergliot, f. 1919, g. 1947 m. verkstedarb. Hjalmar Moan, Hommelvik, bur på Leinstrand. Born: Harald, Jostein og Svein.
5. Leif, f. 1921, har teke over garden.
6. Jenny Sofie, f. 1924, g. 1946 m. Kristen N. Hårstad, Sjøvoll, Selbu. Born: Nils, Jonas, Guri Sissel, Kirsten Jorun og Per Jarle.
7. Inga Bergitte, f. 1926, g. 1949 m. sjåfør Arne Elverum, bur i Me­bond. Born: Maren, Sigrid og Berit.
8. Solveig Pauline, f. 1929, real- og handelssk., dreiv butikk i Trondh. saman med yngste systra, g. 1959 m. politi i Trondh. Sigurd Sæther, Melhus. Born: Sturla, Snorre og Ståle.
9. Klara Jorun, f. 1932, real- og handelssk., g. 1957 m. elektrikar Mag­ne Balstad, Selbu, bur i Trondh. Born: Jarle og Randi.

Jonas Sørflakne arbeidde i mange år som minerar på Løkken og andre gruver, var ivrig gardbrukar og rydda mykje nyland. Han fekk bygd grendevegen Tuset-Drivvoll, som no er fylkesveg. Han var med­lem av heradsstyret i mange periodar og hadde fleire tillitsverv. I 1954 overlet han garden til yngste sonen Leif Sørflakne.

Jonas Sørflakne d. i 1961, 78 år gammal.

Leif Sørflakne vart g. i 1955 m. Ingeborg Tomasd. Velve, f. 1929.

Dei har 1 barn, Signy Karin, f. 1957.

Leif har bygd mykje; driftsbygning (fjøs og låve) i 1960 og ny ho­vudbygning i 1969. På den gamle låvetufta har han sett opp reidskaps­hus. Av det gamle tun står no berre buret og kårstugu att, den siste er oppsett av faren. Traktor og anna moderne maskineri er teki i bruk.

Leif Sørflakne har hatt fleire tillitsverv.

LANGSMOEN
G.
nr. 117.

Langsmoen ligg på søre side av Nea omlag midt over for Øråsvol­len og er etter matrikkelen siste garden i Flora.

Om namnet på garden skriv professor Rygh at det kan vera ei samandraging av Langsetmoen og at garden har vori seter under Lang-

336