Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 338

At garden var frostnem er det opplyst om seinare og i ei rettssak, men åker har det nok vori på garden heile tida med Baro Jonsen dreiv.

I 1686 var åkeren «affrøsen», står det, men i 1688 har Baro Jon­sen svara 4 skjepper bygg i tiende.

Dei fleste gardar hadde kvernhus og svara skatt for det. Baro Langsmo svara ikkje slik avgift, men han hadde kvernhus. Det stod i Råna oppå elvbjørga. Det kallest enno Råndammen der kvernhuset skal ha stått, og små kvernsteinar har legi i elva til kring hundreårs­skiftet. Den eine vart dregi ned på Langsetenget, den andre har nok fari i elva.

I 1687 er Langsmoen nemnt millom dei «til Militien udlagde Jor­degoeds», det vil nærast seie pantsett av staten til offiserane. Under alle krigane hadde ikkje staten makta å betale løna til offiserane, og til trygd for dei var denne ordninga komi i stand.

I 1728 vart det halde auksjon i Trondheim over slikt krongods.

Forretninga varte i fleire dagar i tida mellom 20. januar og 6. mars.

På denne auksjonen vart Langsmoen seld til major Johan Mangel­sen for 170 riksdalar. Han kan ikkje ha tenkt å ha garden sjølv, for alt året etter, selde han den til mennene på Rolset for same pris som han sjølv hadde betalt, med tillegg av renter og kostnader. Man­gelsen heldt att engslætta i Råndalen som det hadde vori tvist om. Eigedomen kom no på 190 riksdaler som Jon Halvorsen og Peder Estensen Rolset betalte. Skøyte frå Mangelsen er underskrivi den 30. august 1729.

Prisen var nok i drygaste laget, og ellest og er det likt til at Rol­set-mennene kjøpte katta i sekken. Dei hadde hatt ein grensetvist med brukaren på Langsmoen og meinte nok å verta kvitt den brysame gran­nen no dei hadde vorti jordherrar. Men Peder Barosen hadde lovleg bygsel på garden, og var ikkje utan vidare viljug til å gi opp retten sin, sjølvom garden hadde skifta eigar. Etter å ha freista å drive Pe­der vekk frå garden ved å halde synfaring og åbottakst, overlet dei garden til ein tredje-mann, Ole Estensen Rolset under påskot av at dei ikkje var formuande til å innlate seg i ein vidløftig prosess om bruksretten på garden. Og det kunne vel vere slik, men det ligg nærare å tru at salet var ein manøver, fordi Ole Estemen var jord­laus mann og kunne som eigar lettare drive leiglendingen i frå enn dei to som satt på kvar sin gard og hadde jord før.

Tvistemålet mellom Rolset-mennene og Peder Hegset tok til 1724 og galdt da ei regulær grensetrette mellom Rolset og Langsmo, spesielt

338