Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 340

Når Rolset-mennene valde å selje Langsmoen i 1730, kan Peder Hegset ikkje ha vorti skremt av åbota.

Etter at Peder Hegset på ny vart utsagt frå garden, vart han stevna for retten og saka avgjort på bygdetinget i juni 1731.

Som «boeslidsmand», som sanna at han ville bu på garden, fekk Ole medhald av retten endå Peder Hegset lova å flytte til garden. Når det galdt Råndalen, meinte Peder han framleis hadde rett til å bruke den, da Rolset-mennene ikkje hadde kunna selje den til den nye ei­garen, men fekk ikkje medhald, da lovboka gav jorddrott som berre åtte halv bygsel rett til å bruka alt som låg til garden, så mykje meir som at Ole Estensen åtte heile bygselen på garden som Råndalens engslætte og mark sorterte under.

Det er uvisst om salet av Langsmoen til Ole Estensen vart effek­tivt. Visse ting tyder på at Jon og Peder Rolset vart sitjande med eigedomen. Ein kan såleis nemne at Peder Estensen Rolset i 1752 ved gavebrev overdrog til dottera Ingeborg, g. m. Gunder Tomassen Røns­berg, halvparten av Langsmoen, og henviser i dette dokument til ma­jor Mangelsens skjøte som heimel. Det finst heller ikkje noko skriftleg om at Rolset-mennene kjøpte att eigedomen av Ole. Peder Estensen må i medan ha vorti eigar av heile garden, for i arveskriftet etter han i 1767 mellom borna Esten og Ingeborg vart det bestemt at heile Langsmoen skulle høyre til enkja, Kirsti Olsdotter, og etter hennar død, skulle sonen, Esten Pedersen, få eigedomsrett over heile garden, så Ingeborg må ha gjevi avkall på sin halvpart.

Når Esten Rolset er nemnt som eigar under synfaring av denne gar­den i 1757 ,så kan ikkje det vera heilt rett. I 1778 fører matrikkelen opp Esten Rolset som eigar. Ved dødsbuauksjonen etter han vart halvparten av Langsmoen kjøpt av sonen Peder Estensen Rolset for 115 riksdalar, den andre halvpart har han vel teki over som arv.

Ved skøyte av 2/5 1818 vart sonen hans att, Esten Pedersen Rolset eigar av Langsmoen.

Ved matrikuleringa i 1820-åra vart Langsmoen tildelt ei ny skyld på 3 ort 13 skilling. Eisten Pedersen var eigar. Skylda vart ved ny ma­trikkelrevisjon sett til 2,40 mark.

Langsmoen si historie som bustad slutta ved Peder Hegset si frå­flytting kring 1710. Frå 1731 har garden lege under Rolset som underbruk eller avlsgard. Folk har ikkje budd fast der seinare.

Langsmoen si nye personalsoge fell saman med Rolsets. Her skal nemnast at Ole Pedersen Rolset i 1874 gav Johannes Middelfart tilsagn om forkjøpsrett over skogen på Langsmoen.

340