Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 100

talt. Men til all lykke for møln-industrien i Kvernbekkdalen så tok ho­vudmassen av vass-flaumen det gamle bekkfaret og stupa seg utover den høge Engbjørga. Jord og skog og stokk og stein sopa vassmassen med seg og la opp i stor haug nedunder, så nytt bekklaup og svære ut­gravingar vart gjort i den fine sandjorda nede på flata.

Ole Johnsen dreiv garden godt og bygde mange hus. Utmed elv­dalen, der skrinnslåtten auka år for år, bygde han opp Merkjesludu, Kolbjørgliludu og Storengsludu yterst på Engene. øvst oppe stod Ga­malludu frå før. - Heime retta han opp fjøset, og han bygde ei ny­stugu i ende med den eldre frå før, og så den vel forseggjorde som­marstugu. Han sette opp nye seterhus og, både på Blisteråsen og i Rotlbjørga.

Bjørnen vart meir og meir nærgåande på båe vollane, så dei måtte gjera seg sers for med seterfjøsa. På båe setrane vart portinngangen stengt med klampar. Dei var 4 tom føre og vart lagde oppå kvarandre i gottingar hoggi ut i beitskiene. Det skulle ingen bjørnelabb greie å slå inn denne stengsla.

Ole Johnsen Flakne var ein namngjeten bjørnejeger. Han var med og tok 14 bjørnar, og ein av dei stakk han i hel med spjut. Det var ei stor binne som bauka seg ut av hiet, og som han berre kunne møte på den måten.

Ole Johnsen var for si tid godt opplyst. Han var politisk interes­sert i John Neergaards bondereisning, og stod i spissen for å få til ei «kvernecontract» som skulle få betre skikk på omsetninga av kvern­steinshandelen frå bygda. Framlegg om dette vart lagt fram i Selbu formannskap 11. juni 1839. Sjølv vart han vald i 1845 som represen­tant til heradstyret, 52 år gammal, og den første i dette ombud frå Flora. Han var viljesterk og heldt streng orden i sitt hus. Han var glad i brennevin, men tolde ikkje noko slinger i valsen når forbodet mot heimbrenninga kom.

I 1855 vart han sjuk og gav da over garden til sonen, John Flakne for 400 spd. og kår til han sjølv og kona.

Det kvilte to lån på bruket da, eit på 225 spd. til Norges bank, og eit på 100 spd. til «Statslånet» av 1848.

To år før hadde Ole Johnsen seld Rotlbjørga. Parsellen som har mykje skog, vart i 1853 avhenda til brukseigar Arild Huitfeldt for 200 spd. Eigedomen fekk bruksnr. 2 og ei skyld på 0,65 mark. Det var berre skogen som vart seld, som det heitte, markaslætta og setra skulle fram­leis høyre til garden. I 1936 gjekk denne eigedomen over til brukseigar I. Kjeldstad, Selbu, som kjøpte av Huitfeldts konkursbo.

100