Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 111

Ingar Løkken, Emma m. Johan Græsli, Tydal, Hjørdis m. Arne Hø­søen og Ruth m. Leif Kverneng. Alle fekk makane frå Røros så nær som Emma, og alle bur der så nær som ho og Otto.

John O. Flakne dreiv tømmerhogging og fløting. Frå 1905 hadde han fast arbeid hos Meraker bruk med køyring. I 1910 vart han liggjande sjuk i gikt og kom ikkje av senga meir. Han låg i 15 år og kona passa han heile tida.

John O. Flakne d. i 1925, og Brynhild Johnsd. i 1928.

Husa på Klevan stod slik bureisaren hadde bygd dei enda da John Olsen kom der. Han flytta fjøset til vestsida tunet og mura fraukjellar, sette til vedbu på øvre ende og sval langs heile bygningen mot tunet og måla uthuset. Den gamle låven av rund ømmer som hadde stått i ende med fjøset, var det ikkje bruk for lenger, og den vart rivi og tu­net vart da opi mot vegen.

Plassen var bygsla på to mannsaldrar, og Beret, som hadde vori heime tok over bruket etter foreldra. Ho har ein son, John Flakne, f. 1924. Under krigen reiste han over til Sverige og gjekk inn i dei norske politi­styrkene der og kom att i lag med den herstyrken som tok over vakt­haldet i Oslo. John har sidan drevi anleggsarbeid, først i Sverige nokre år, seinare på heimlege trakter. Heime har han sett opp moderne bu­stadbygning. Plassen vart kjøpt i 1950. Dei driv ikkje jorda lenger, men leiger bort avforinga.

MOEN

G. nr. 109, br. nr. 4.

Moen ligg vest for Klevan. Bruket vart bureist som husmannsplass i 1860-åra. Namnet kjem av landskapet. Det var tett skog her da burei­saren, Einar Andersen tok til.

Einar Andersen var frå Åsen, ein plass under Bjørken. Han kom til Flaknan som gjetargut, 8 år gammal og vart verande der til han gifta seg og flytta til Moen.

Einar Andersen Flakne, f. 1834, vart g. 1862 m. Brynhild Pedersd. Uthusplass, f. 1838.

Dei hadde 4 born:

  1. Anne, f. 1862, d. 1866.
  2. Ingeborg, f. og d. 1865.

111