Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 077

høgt og var utsett for frost. I 1687 melder tiendemanntalet at åkeren var «affrøsen». Det må ellest ha vori eit frostår utom det vanlege, for da fraus åkeren nede i dalen og både på Langsmoen, Flaknan og Neset. Likeeins på Lunden. Underleg er det å sjå at på fire av dei fem gar­dane «var ej noget saaed» året etter, truleg av skort på såkorn.

På Ørås var det da ny brukar. Enkja er ført i matrikkelen så seint som i 1673, men i 1684 er ho etterfylgd av sonen Joen Ørås, og med han blir det slutt med desse folka på Ørås og med busettinga på gar­den og, førebels.

Joen Øraas var Laugrettismann. Han dreiv garden enda i 1695, men ved manntalet i 1701 låg Ørås øyde, og Joen var fråflytta. Han døydde i 1707 og vart gravlagt 7. s. i trieining. I kyrkjeboka les ein: «Jon Øraas af Frolen, fattig, alder 83». Same år, «Dom 17. Trin» er Kirsten Øraas gravlagt, 36 år gammal. Ho var nok dotter til Jon, og er den einaste som er funni nemnt av folka hans. Men her er ei segn om ei jente som skal ha drukna, og som truleg var frå Ørås. Jenta heitte Kari og har fått namnet sitt festa til staden der ulykka bar til. Stellet ligg sør for Øråstjønna. Det er ein liten myrfloe som dei kallar Kari­holet. Det veks litt molte kring floen som jenta truleg har tøygd seg etter. Floen ligg like ved Øråsvegen. Ei ry like ved, som vegen går over, har og namnet hennar og kallest Karirya.

Framkomsten til Ørås opp dalsida var ikkje lett. Vegen er svært bratt og har det karakteristiske namnet Øråsberget. Oppå elvbjørga hadde garden etter måten gode farlei der både nedover til Rolset og oppover til Flora. Denne farleida kan og ha vori brukt som gjennom­fartsveg nedover dalen.

På 1700-talet, da Selbu koparverk gjekk, hadde dei malmveg her til smeltehytta på Mølnå. «Gruvvegen», som dei kallar vegleida, vart brukt både til vinter- og sommarveg. Den gjekk over Grosvollrya og Ørås og ned ved Rolset. Vegen var brulagt over myrane.

Elvbjørga mellom Ørås og Rolset er høgare enn elvbjørga ovafor. Her er det svært vidsynt, både nedover og oppover dalen. Det var så­leis eit lagleg stelle for vete. Her stod da og den kjente Øråsveten. Den skal frå først av ha stått lenger vest, på «Våttåhaugen». Seinare stod veten like ved Ørås, der det no kallest «Våttånn». Det er snautt for skog her, og høgda her kalles da og for Våttåfjellet. Ørås-veten er nemnt i ein militær rapport frå 1766, og der står det at veten på «Ør­aas-Haugen under gården Øraas udi Selboe Prestegields Hoved Sogn er på et beqvemt Sted».

Ørås-veten tok varsel frå ein vete på Gullbrandsegga ved Hilmo og

77