Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 113

Peder Einarsen kjøpte plassen som fekk tillagt skog og beite. Kjøpe­summen var 1900 kroner. Peder sette opp ny stugu utpå lia der låven stod før. Han hadde budd heime heile tida og hadde tømra opp ny­stugu åt seg, men budde i kovekammerset. Han fora i marka og hadde både ku og småfe. I 1908 pakta han Smeplassen og sidan hadde han hest og.

Peder E. Flakne døydde i 1929, 59 år gamal. Dortea Johnsd. døydde i 1957, 87år.

Einar P. Flakne vart g. 1921 m. Anna J. Hegset, f. 1895.

Dei hadde 2 born:

  1. Dagrunn, f. 1921, g. m. Gunnar Næss.
  2. Peder, f. 1927, befalssk., tilsett i hæren, bur i Trondheim, g. 1957 m. Anne-Lise Løken, Oslo, 4 born: Astri, Einar, Mari og Holger.

Einar flytta heim da faren døydde, men tok ikkje over bruket før i 1944. Jordsbruket vart drevi som før, men Smeplassen gjekk frå da faren døydde. Einar støypte kjellar under fjøset og moderniserte stugu.

I 1964 overlet Einar og Anna bruket til sonen Peder. Dei hadde da slutta med drifta, og avforinga blir bortleigd.

Anna Flakne døydde i 1966, 71 år gl.

STORTRØA (Sandrommet)

Nedl. plass.

Stortrøa, eller Sandromrnet som plassen til vanleg vart kalla, låg oppi bakkane aust for Flaknan ved den gamle vegen over Stortrøa. Plas­sen vart bureist kring 1885 av Ole Olsen Moslet. Han var frå Sanda uta Dragsta, og vart til vanleg kalla Ole Sand. Sjølv skreiv han seg for Moslet, for han hadde vaksi opp på Mosletta.

Ole Moslet, f. 1836 vart g. 1879 m. Ingeborg Barosd. Uthus, Hau­gen, f. 1852.

Dei hadde 9 born, som alle tok namnet Flakne.

1. Kristine, f. 1879, g. 1920 m. Olaf Røkkesaune, Skatval, 3 born: Inga, Oddmund og Ingeborg-Anna.

113