Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 114

2. Oline, f. 1880, reiste til Amerika, g. 1912 m. farmar Sivert P. Mo­slet, Polk Co., Wash., 7 born: Palmer, Ingvard, Oscar, Eldor, Bruce, Stanly og Alise.
3. Berntine, f. 1883, g. 1920 m. Nils Berge, bur på Stjørdal, 3 born: Olaf, reiste til Amerika, Vilhelm og Maren.
4. Olaf, f. 1886, reiste til Amerika, budde i Mnpls., ug. d. 1965.
5. Beret, f. 1888, g. 1907 m. Ole E. Græsli, bur på Aune, 4 born: Inga, Elfrida, Olive Johanne og Osvald Bernhard.
6. Bernhard, f. 1890, g. 1911 m. Krisine Lilleflor, budde i Meråker, 3 born: Ole meieristyrar, Ørneshamn, Sylvia, g.m. gullsmed Han­sen, T.heim, Odd, bur på Stjørdal.
7. Johannes, f. 1894, d. 1896.
8. Ingeborg, f. og d. 1895.
9. Johanna, f. 1897, g. m. Anders Øyamo, Orkanger, Villa på Lena, Toten, 1 barn: Peder Osvald, småbrukar.

Ole Moslet reiste til Amerika med familien eit par år etter han vart gift, men kom att da kona ikkje tolde klimaet. Han rudde opp den vesle plassen der han hadde sett opp stugu og fjøs. Ole var handsagar og hadde baka tømmeret i stugu si på sagstelling. Han var snikkar og laggar og laga fine ting. Høvelbenken stod inne, der det ellest var kråskåp, seng og matbord. Skorsteinen stod i kammerkråa med kokomn i grua. Seinare vart det komfyr. I 1915 gav Ole opp plassen, og kom i forpleining. Ole O. Moslett døydde på aldersheimen i 1929, 90 år gammal. In­geborg Barosd. døydde i 1904, 52 år.

Ole Moslet var musikalsk. Spela først klanet, sidan fele. Ein slått etter han, «Sandleiken», er sers vakker.

STORTRØA  (Domrommet)

Nedl. bustad.

Domrommet var ikkje nokon plass, berre ei stugu. Men her var både jorde og gjerde, jamnvel steingjerde så det såg ut som det skulle vera plass. Domrommet låg like ved andre Stortrø-garden. Stugu vart oppsett i slutten av 1860-åra. Det var ei lågstugu nærast, med loft i rystet med vindu. Stugu hadde både gang og kammers.

114