Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 115

Det var Ingeborg Eriksdotter Sørflakne d.y. som sette opp stugu, og budde her. Ho gjekk i dagleie og livnærte seg ellest med handarbeid. Ho hadde ein son, Peder Sørflakne, f. 1853, sjølv var ho fødd i 1825. I 1879 kjøpte Peder Sørflakne heimgarden og flytta med mor si heim.

Da tok Ingeborg Eriksdotter d.e., ei syster av den første, over stugu på Domromrnet og flytta inn med ein bror, Peder Eriksen. Han var døv, «dom» som dei seier her. Derav namnet Domrommet. «Stor-Inge­borg», var 60 år gammal da, og broren, som var i pleie hos henne var 13 år yngre.

Broren hadde gått døvskulen og hadde lært skomakaryrket, men kunne ikkje brødføda seg. Stor-Ingeborg gjekk i dagleie som systera, og dreiv sjølvsagt med handardbeid ho og.

«Domminn», som Peder vart kalla, likte seg godt på Trøa, og det var han som braut opp stein og mura gjerde mot gammalvegen. «Det er John og jeg som driver gården, John på Flakne og jeg på Trøen,» sa han. Han tala etter boka, etter han gjekk døvskulen. Han var lese­før, og heldt ei vekeavis saman med dei på Flaknan. Det var truleg første bladhaldet i Flora. Var det noko som stod på, kunne han bli reint oppøst. Da Jakob Gråe for i isdammet, drømte han at han skulle finne han på Stokkhølen den «1 maiested», som han sa. Han meinte den 1. mai. Da dagen kom, var han ikkje til å halde, han la i veg på leiting og var enda meir oppskaka da han kom att frå elva. Han på­stod han hadde sett Jakob, men at han for åt straumråsa for han.

Både Jakob og hesten fanst att seinare på våren i isdammet, eit stykke nedafor.

Peder Eriksen kom og til å lide drukningsdøden. Det var om hausten 1895. Peder var 74 år gammal da, men elles fyrig som vanleg. Denne dagen hadde han vori til broren, Baro Eriksen etter potet, og måtte ha snåva da han skulle gå i båten, trudde folk. Dei fann han ganske fort ved øyane i elva like nedafor.

Søstera, Stor-Ingeborg døydde fire år seinare i pleie hos broren, Baro Eriksen, 81 år gammal.

Stugu på Domromrnet vart kjøpt av Arnt O. Tuset som flytta dit. Arnt O. Tuset, f. 1870 var frå Tuset-åsen, son til Ole Ingebrigten og Marit Olsdotter. Arnt vart g. i 1893 m. Mali Barosd. Uthus, f. 1869.

Dei hadde 2 born:

  1. Ole, f. 1893.
  2. Anna Marie, f. 1900.

115