Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 116

Arnt Olsen døydde i 1900 i hjernebetennelse etter ei stutt sjukelege. Mali flytta da heim til Haugen og losjerte nokre år, men kom attende til Stortrøa, og vart buande her til våren 1929. Ho vart tidleg øyde­lagt av gikt. Ole hadde og vorti invalid etter tuberkulose, og søstera pleia dei. I 1929 hadde dei sett opp ny stugu aust i bygda like ved Haugen. Villaen fekk namnet Ulset og er omtala i boka. Både mora og borna skreiv seg for Uthus.

 

UTHUS G.nr. 110 og 111.
(Den gamle gard)

Uthus ligg ca. 1 1/2 km ovafor Flaknan. Dalen er trong her mellom dei to gardane og svingar sterkt så ein ser ikkje mellom dei. Lenger oppover er dalen åpen, og her ligg hovudgrenda i Flora med gardar og småbruk tett innpå kvarandre.

Uthus er nemnt i skriftlege kjelder frå 1520. Garden, som hadde ei skyld på 2 spann og var største garden i grenda, er da ført i eitt bruk. Seinare vart garden delt. Utmarka til denne storgarden rakk frå grense­fjella i sør til Rotla i nord. Like langt rakk utmarka til grannegarden Tuset og, og desse gardane hadde utmark i teigskifte til hopehavet vart utskifta ved siste hundreårsskifte.

Gardsnamnet tyder den ytre gard, anten den ytre av to gardar, eller den ytste i grenda. «Norske Gaardnavn» peikar i det høve på at Uthus ligg nederst i grenda, men namnet har vel helst vorti festa til garden under ei tidlegare garddeling. I dei eldste skriftlege kjelder har garden grendanamnet: Ffroel i 1520, - Fraal 1557 og Frorenn i 1590.

Gardsnamnet Uthus, som ganske fort vart einerådande, er mest like gammalt i kjeldene, finst for første gong i 1548. (Garden Uthus i Olav Engelbrektsens jordbok (1530) som Norske Gårdnavne fører som Ut­hus i Flora, gjeld nok ein annan gard i Selbu, Uthus på Mosletta. Denne garden er nemleg ført mellom Kraackstad og Viick. Skylda på garden svarar heller ikkje med Uthus i Flora).

I 1548 er gardsnamnet skrivi rett og slett Uthus, i 1590 har ein Udhus. På 1600-talet finn ein skrivemåten Wdhus og Wdhuus. I 1723 har ein så Udhuus att.

Namnet blir uttala Utthus og blir brukt berre i ubundi form, og

116