Dei einskilde bruk
Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67 Side 117
får soleis ikkje dativ. Ved tilstad- og påstadnemning segjer ein: til Utthus og å (på) Utthus. Når det gjeld alder og busetting, så er det mykje som tyder på at Uthus er eldste garden og at garden har hatt namnet Frol frå først av. Sjå ellest avsnittet Eldste garden i grenda. I 1520 vart garden brukt av Jon Froel. Han måtte svara for 1 lod sølv i skatt. I 1548 er det Iffuer paa Wthuss. Ledingen er ført med 16 marck smør og 1 pundt miell. Same person sit med garden i 1557, men er da kalla Iffuer paa Fraal. Munks-reknskapa fører berre gardsnamna så ein har ikkje fleire mannsnamn før i 1611 da oppsittaren på Uthus heitte Esten eller Østen som namnet og er skrivi. Ein dreng, Joen Udhus, er og oppført, på halv lønn. I koppskatten, 1645-46 er Esten Udhus ført med 2 søner, 1 dotter og 2 tenestejenter. Ein husmann, Olle Udhuss med høstrue finn ein og i skattelista. Estenn Wdhues dreiv garden enda i 1650. Halvparten av garden eller 1 spann, er ført som Kranens gods, medan andre halvparten høyrde til Hospitalet i Trondheim. I 1657 har garden to oppsittarar, Iffuer och Hallffuor Udhus. Kvegskatten er ført under eitt med 3 hestar, 21 kyr og kviger, 13 geiter og 15 får og lam, så det vanta ikkje på krøtter til to gardar. Garden er ført 117 |