Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 118

under eitt i 1661 og. Ledingskatten var da på 6 Rd. Attåt kom 12 sk. for Qvernsted og 20 for et Engeslet.

Iver Estensen var kring 60 år og broren 46. Båe hadde søner: Olle Iffuersen, 26 år, Esten og Anders Halffrs 12 og 4 år. Husmannen, Olluf var 36 år.

Brørne dreiv garden, eller rettare sagt, gardane til i 1670-åra. Garden går da ut or slekta er det likt til. Matrikkelen for 1680 har nytt folk og fører berre ein brukar på Uthus. Om han er det ikkje stort meir me får vita enn at han heitte Joen. Det er likt til at han hadde bygsel berre på den eine av gardpartane, den som høyrde til Kronens gods. Andre parten låg øyde og vart brukt til leige, truleg av Joen. Hospitals­stiftelsen klagar da og over at dei ikkje hadde noko inntekt av garden i denne tida. Dette er opplyst i ei rettssak som vart halde på Neset i 1750.

Joen Uthus døydde truleg i 1690. Det året reiste ei 11 år gammal dotter frå garden, og kom ikkje heimatt. Om sønene til Joen er det for­talt i same rettssak at dei var utfatige. Tiefisket høyrde med til det faste næringsgrunnlaget, og eit år det slo feil på deira tiestad, som låg på nordre side av elva, spurte dei Halvor Nes om lov til å bruke tiestaden hans, som låg på den søre sida.

Alt før 1701 må sønene etter Joen Uthus ha fari frå garden, for denne part av Uthus-garden låg og øyde nokre år føre hundreårsskiftet.

Systera deira, som reiste heimefrå heitte Beret og vart seinare kone på Hegset. Ho møtte som vitne i den ovanfor nemnde rettssaka og har gjevi full vita.

Det er fortalt før om ledingsskatten og andre faste utreidsler på gar­den. Her skal ein berre leggje til at Småtienden er oppført med 3 ort i jordboka for 1668. Korntienden på den samla Uthusgarden utgjorde da 1 1/2 tynne bygg og 3 ½ tynne havre. I 1684 er tala langt lågare og gjeld nok berre den parten av garden som Joen hadde bygsel på. For dette året er tienden ført med 3 skjepper bygg og 1 tynne 2 skjepper havre.

Kronens part i Uthus-garden er først ført som Stigtens gods som viser at garden hadde høyrd til Domkyrkja føre reformasjonen. I 1660-åra kom dette spann i garden under Schøller. Frå hundreårssskiftet høyrde Kronens part av Uthus til Vinses Friis arvingar. Andre halvpart av gar­den høyrde Hospitalsstiftelsen til, har me sett.

I 1701 hadde garden to oppsittarar att, og sidan har garden vori delt. Dei to gardane, Uthus vestre og Uthus austre vil derfor bli om­tala kvar for seg.

118