Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 119

UTHUS vestre

G. nr. 110.

Manntalet for 1701 har Joen Biørnsen som oppsittar på Uthus vestre.

Han var 40 år gammal og hadde sonen Biørn som og er ført i mann­talet. Av kyrkjeboka for Selbu som tek til i 1699, går det fram at «Biørn Uthus i Frolen» vart døypt 23. april 1699. Han er den første fIoring som er ført i kyrkjebok. Fadrane er Oluf Stocke, Erich Tuset, Oluf Backe, Kari Hegset og Siri Haarsta. I kyrkjeboka har ein og nam­net til kona. Ho heitte Anne. Meir om huslyden veit ein ikkje. Det er moleg at kona var i slekt med brukaren som dreiv garden før, dot­ter hans kanskje, men ein veit ikkje noko visst om det. Joen Biørnsen vart ikkje verande lenge på garden. Matrikkelen for 1705 fører ein an­nan Joen som brukar. Han heitte Joen Torchildsen, og frå hans etter­mann att har ein opplysning både om han sjølv og føremannen. Denne brukaren heitte Joen Jensen. Han var vitne i rettssaka på Neset i 1750, og gjev opp eigne vita og fortel om tilhøva på garden.

Joen Jensen kom til Uthus i 1712. Han nemner ikkje Joen Biørnsen, men fortel at garden låg øydde da føremannen hans, Joen Torchildsen, kom til garden. Folk visste ikkje heller kven som var jorddrott - før en Person øster fra Norge kom til Trondhjem og bortsolgte dette Spand i Uthus».

Joen Torchildsen flytta ikkje frå garden da Joen Jensen kom, men vart verandre på Uthus og gjekk I dagleige hos ettermannen.

Joen Jensen var fødd på Tuset austre og var heime til sitt tjuande år, fortel han. Han tente deretter på Rønsberg i 14 år, så på Stor-­Efjen i 2 år, vart så gift -«og kom til Uthus i Floren at bo».

Joen dreiv garden i 18 år og fekk soleis den æra å ta mot Armfelts karolinar, og det på sjølvaste julkvelden. Første heravdelinga Armfelt sende over fjellet frå Haltdal til vårt dalføre, kom ned i Flora jul­kvelden 1718 etter gammal rekning.

Det var nok ei spanande tid for folk i heile dalføret, men all mest i Flora, som venta fienden over fjellet når som helst, og mange segner er fortalt om det som hende da svenskane kom. Folk var vettskremte, for det ryktas at fienden herja og brente gardane for svortes. Så bar det til å gjømme unna alt som kunne gjømmast, til husa stod tomme. Berre kvinnfolk og ungar vart verande heime, karfolka gjømte seg for

119