Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 120

ikkje å bli tekne til gislar. På Uthus for alle, segnes det. Men da det bar til stykke, ville ikkje gubben følgje med. Han var ikkje så s kvetten, let han, og han skulle vel alltids finne seg eit gjømselrom der han kunne vera trygg. Han ville sjå kva dei tok seg til med, og så gjømte han seg i saufjøset. Fienden kom ned åsane på andre sida elva, og best det var, aula dei inn på garden. Det bar no til å leite etter mat. Dei storma inn i stugu og opp i buret og leitte krå og krikje. Men det var lite å finne. Så sette dei iveg til fjøset og stallen og for rundt i alle hus, men det var like snautt all stad, det var ikkje matsåa å finne. Og da vart dei arge til gangs, så han som i fjøset satt, høyrde kor dei banna og svor over dei som hadde gjort det så snautt. Og no skulle dei hemne seg. Dei skulle svi av garden.

Så gjorde dei opp varme ute på tunet og fyrte med kornstaur, hommelstenger og anna som var for handa. Gjerdesgarden braut dei opp og bar på varmen og -, og no tok dei til å bera ut halm å brenne. Men det var utryska korn på låven, og gubben såg kor dei kom med band etter band og kasta på varmen. «Når det ikkje var matsåa å fin­ne, skulle ikkje kornet sparast heller,» skreik dei. «Heile garden skul­le dei svi av,» og der strauk ein av dei iveg med ein brann inn på lå­ven.

Da torde ikkje gubben liggje i fjøset lenger. Han kraup ut og tok hyven opp geilane. Dei vart var han og sette etter. Men gubben var sprek og kom seg unna. Dei skaut etter han og, men gubben berre klappa seg bak og sprang vidare.

Nokor avsviing av garden vart det ikkje. Han som skulle tende fekk det ikkje til å brenne, og da han hadde freista tre gonger, tok dei det som varsel om at garden ikkje skulle brennast, sluttar segna.

Men lat oss sjå frå segn til soge. Tek ein for seg skadetakst-proto­kollen, ser ein snart at det ikkje var så reint snautt, enda om mykje var gjømt unna. Fienden har forsynt seg både med korn og høy, og i fjøset har dei gjort reint bord, er det likt til. Taksten kom i alt opp i 76 Rd. 2 Ort og 12 Sk. og fordeler seg slik:

Skade på hus, brent skigard og kornstaur

12 - 3-

«

1 tynne bygg

2-1-

«

6 ty.nner havre

9-«-

«

6 Jass halm

2-2-

«

16 lass høy

8-«-

«

6 kyr

21 - « -

«

1 okse

1-2-

«

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

120