Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 121

3 småfe

1

-

2

- «

Gardsreidskap

10

-

2

- «

Sengklede og husgeråd

5

- 2 - 12

Mat

2

 

- «

-

«

Om dei hadde gjømt unna noko, var dette truleg bori opp til eit bur som må ha stått i den næraste utmarka, for det kallest Litl-burs­åsen der, den dag i dag.

Om gardsbruket på Uthus, vestre, opplyser Prøvematrikkelen 1723 at garden låg i solli, var «tæmmelig» til eng var «lætvunden», men var frostlendt og våtlendt og «uviss» til korn. Garden fødde 1 hest, 6 kyr, 1 ungnaut, 4 sauer og 2 geiter. Dei avla 50 lass høy, sådde 1 tynne bygg og 4 tynner havre.

Garden svara 10 sk. for engslætte og 6 sk. for halvparten ei «quern­sted». Om skylda skriv dei: «Denne Gaard maa paa grund af sin Ring­hed noget aftagis».

Om huslyden til Joen Jensen er å fortelje at kona heitte Brynhild Pedersdatter, og dei hadde ei dotter, Gunhild f. 1721. Dei hadde hatt ein gut før, Jens, f. 1715, men han døydde truleg 1719 da - «2de børn fra Uthus i Frolen» vart gravlagt.

Brynhild Pedersdatter døydde 1730, 56 år gammal, og den 19. juni same år vart det halde arveskifte etter henne.

Det er ført 2 hestar, 16 og 18 år, og verdsett til 8 og 4 Rd. Fire kyr: «Svane, Drøplin, Havgås og Dokke» a 3 til 3 1/2 Rd. Vidare: fire geiter og seks sauer.

Av innbu er m.a. nemnt eit lite kråskap inne og to små kisteri stabburet. Ellest er det vanleg reidskap. Seng- og gangklede: 1 forIodden og 1 snau skinnfeld, og ein kalv­skinnsfeld. Klede etter kona: 1 svart vadmelsskjørt og 1 ditto trøye, 1 snøre­liv, 1 serk med lerrets overdel og blå sokker.

Av køyrereidskap er nemnt greie med lintaumar, skjæker med jarn­taug, slede med jarnbolt, vanleg slede, verd 20 sk. stallslede (?) 4 sk. Kløvsal med meiser og pute verd lort. skinn, ljåar og sigder, or-reip, og til sist, «Sagtømmer i skogen» v. ort. Det er og opplyst kor mykje som var sådd: 2 tynner bygg og 2 tynner havre.

Buet kom opp i vel 47 Rd. til delings på far og dotter. Alle fekk sitt, utlagt i det som var registrert.

Joen Jensen gav no opp gardsdrifta på Uthus, flytta til Rønsberg som tenestdreng og vart verande der i fire år. Frå Rønsberg bar det ned

121