Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 122

i Stjørdalen, til Bjørgan, der han framleis var i tenest da han i 1750 møtte som frivillig vitne i rettssaka på Neset.

Det er fortalt før at Vincens Friises arvingar åtte Uthus vestre ved hundreårsskiftet. I matriklane er same eigar ført heilt til 1727. Men i 1728 har ein offiser, Johan Mangelsen, så vidt ein kan skjøne fått auksjons-skjøte på 1 spann i Uthus. I skjøtet er brukaren kalla Joen Jensen, så det er ingen tvil om at det gjeld Uthus i Flora.

Johan Mangelsen samla på gardar og sagbruk også i Selbu. Mest alt han skrapa saman, fall i hendene på Thomas Angell, som er ført som eigar i matrikkelen 1742.

Etter Angell si tid gjekk Uthus inn i Stiftelsenes jordegods i Selbu og Tydal, og vart dermed underlagt forstandarane sin administrasjon.

Leiglendingen som kom på garden etter Joen Jensen heitte Ole Olsen. Kona heitte Siri Joensdatter. Kvar dei var frå er ukjent. Ole kan ha vori frå den andre Uthus-garden, son til Ole Simensen, men ein veit ikkje noko visst om det. Ole Olsen vart 68 år gammal og dreiv gar­den til han døydde i 1767. «Opsidderen Ole Olsen Uthus i Frolen» har presten ført i kyrkjeboka. Kona «Sigri Joensdatter» døydde 1773, 73 år gammal.

Ole og Sigri hadde ein son som og heitte Ole. Kona hans heitte Marit Olsdotter, og ho var frå Krogstad. I manntalet frå 1762 er for­utan dei to hjona ført ein dreng, Ole Joensen, og ei tenestjente, Ma­rit Bjørnsdatter. Det er vidare ført ein husmann: Joen Olsen med kone Kari Joensdatter og son Simen Olsen.

Til slutt er ført:

«gammel Sengeliggende Beret Olsdatter. En gammel Svag Enke med en vissen Hånd, Ingeborg Thorchildsdatter.»

Den første døydde 1766, 80 år gammal. Ingeborg Thoreheldsdatter døydde på Tuset 1772, 82 år. Dei to var truleg legdesfolk.

Husmannen er i kyrkjeboka ført med Branden til etternamn. Han har truleg halde til i Branden som ligg vest for Drivvoll og hatt eit slags krypinn der. Uthus vestre åtte eit stykke av elvbjørga der, mellom dei to Brandbekkene. Garden hadde seinare engslætte der.

Joen og Kari Branden hadde desse borna:

Helge, f. og d. 1758, Ragnhild, f. 1763 og Helge, f. 1769. Seinare har det og budd folk der. I 1794 har ei Marite Jonsdatter Branden vorti tildelt fatigpengar.

Sjølfolka på Uthus vestre, hadde ikkje livsarvingar, og i 1777 opp-

122