Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 127

Fjøs og stall.

hus stod vest for garden, smia på reina neda innkjørselsvegen, eldhu­set ovafor.

Sommarstugu, låven og stallen var eldst av bygningane, alle med svaler mot tunet. I stugusvala var det tropp til loftet. Stallen var av øksa furutømmer, stugu og låven av rundtømmer. I stallen var det to rom, gardsstall og farastall, som over alt i bygda. I ende med stallen var det innkjørselsport, eller gardsle, dei kalla. Ovafor der att var kvernporten, eit rom som og fanst over alt på gardane. Kvernporten var åpen mot tunet. Her vart kvernane finhoggi og sandmeli. Låven var brattrysta og hadde bordtak. Dei andre husa hadde jordtak.

Fjøset var av dei vanlege med kufjøs og smefjøs og portrom imellom. Smefjøset utan golv. Dette var skild med heil vegg frå portrommet. Kufjøset derimot berre med stutte kinnungar. Det vart mura kjellar under kufjøset i 1860-åra, før var det frauhus under kjellbrua mellom fjøset og stallen.

I stugulånet var det to stugurom, daglegstugu og nystugu med gang og kove i mellom, potetkjellar under daglegstugu og matkjellar under den andre. I portalen var det to dører. Denne og delvis vindauga var pynta med kledningar og måling.

Det hadde frå gammalt vori drivi kvernsteinsarbeid på garden, og

127