Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 130

samman med plassane Haugan og Uthusplassen fekk all skog på nordre side dalen. På søre side fekk garden setra Uthus-Åsvollen m. hamne­rett og fjellsetra Ytervollen.

Uthus vestre var ikkje skylddelt eller oppdelt før i 1920. Ved delings­forretninga den 30. august vart desse bruka utskilde:

Uthus vestre br. nr. 2 skyld 1,77 mark
Uthus-trøa br. nr. 3
« 0,43
«
Uthushaugen br. nr. 4 « 0,37
«
Uthusplassen br. nr. 5 « 0,34
«

I 1927 overlet Sakarias J. Uthus garden til sonen Lars Uthus. Sakarias Uthus d. i 1941, 85 år gammal, Sigrid Larsd. d. i 1919 i spanskesjuka, 62 år.

Lars Uthus vart g. 1928 m. Johanna Halvorsd. Kulset, f. 1895.

Dei hadde 3 born:

  1. Sigrid, f. 1928, g. 1956 m. ingeniør Arne Huse, Hærøya, bur på Blommenholm. 3 born: Eva Jorunn, Ann Britt og Lars Paul.
  2. Sakarias, f. 1930, har teki over garden.
  3. Ingeborg, f. 1933, g. 1953 m. Kristian Grimsmo, Kristiansund, bur i Molde, 2 born: Mai og Lars Peter.

Lars Uthus bygde opp heile garden frå nytt av. Låve og stall i 1944, fjøs 1948 og stugulån i 1963. Berre eldhuset og buret står att av gam­malhusa. Han har og sett opp sirkelsag for gardsbruket. Fjøset av stein står mot aust i vinkel med låven som står øvst. Stugu står langs bakken vest for gardsplassen.

Da Lars tok over bruket, var det alt slutt med markaforinga. Berre setervollane med litt myrslått kring vart slegi. Setringa vart drivi til først i 50-åra.

Lars Uthus døydde i 1969, 70 år gammal.

UTHUSPLASSEN

G. nr. 110, b. nr. 5

Uthusplassen eller Plassen som det blir sagt i dagleg tale ligg like ved vegen omlag midtveges mellom Uthus og Flaknan.

Ein veit ikkje sikkert kven som bureste Plassen, men mykje tyder på at ein huslyd som hadde plass under Uthus kring 1790 har budd her.

130