Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 135


Ragnhild, Marit og Gunder Haugan.


Berit og John J. Drivald.

U T H U S H A U G A N (Haugan )

G. nr. 110, b. nr. 4.

Haugan, som dette bruket har vori kalla, ligg vest for Uthus og vart utlagt som husmannsplass så tidleg som i 1828. Det var eldste son på Uthus vestre, Ole Johnsen, f. 1796 som fekk utlagt dette stykke, ca. 15 mål, til plass. Ole var ugift og kom ikkje til å setja opp hus eller rydje jord. Han vart verande heime på garden hos broren. Ole døydde i 1856.

I 1863 vart plassen bygsla på ny av brorsonen, Gunder O. Uthus, og han bureiste plassen.

Gunder O. Uthus, f. 1837 vart g. 1861 m. Ragnhild Pedersd. Hegset, 1837.

Dei hadde 8 born:

  1. Beret, f. 1861, g. 1888 m. John Johnsen Drivvoll, for til Am., til Beltrami, Minn.
  2. Ole, f. 1862, d. 1868.
  3. Brynhild, f. 1866, var heime.
  4. Ole, f. 1868, for til Am.

135