Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 136

5. Peder, f. 1872, for til Am., d. i Beltrami 1899, ugift.
4. Gurine,
f. 1874, lærarprøva, g. m. Didrik Næss.
3.
Ragnhild, f. 1878, g. m. Ole P. Uthus, Sandmo.
4. Marit, 1881, g. 1914 m. gruvarb. Per Rønning, Foldal, 2 døtre: Margit Gunelie og Ragnhild.

Det var stor utvandring frå grenda. Mange for til Beltrami. Biletet er frå 1895.

Brynhild Haugan vart g. i 1892 m. Torstein Nilsen Tuset. Han hadde vori til Am. og hadde teki til med handel i nystugu på Tuset austre som han hadde leigd. Det var første handelsforretninga i Flora.

Da Torstein gifte seg, flytta han til Næssmoen og dreiv plassen der eit par år som sytning, men fekk ikkje kjøpe plassen. Handelen gjekk berre så som så, og i 1894 reiste Torstein over «dammen» att, som så mange gjorde. Kone og barn skulle vera igjen. Dei hadde da flytta til Haugan, og Brynhild skulle vera heime. Torstein kom ikkje heim til Flora meir. Han vart sjuk på båten på heimvegen og kom ikkje lenger enn til Trondheim. Han døydde i 1897.

Brynhild og Torstein hadde 2 born: Anna, f. 1892 og Gunnar, f. 1894.

Om jordsbruket på Haugan er å fortelje at alt i 1865 hadde Gunder og Ragnhild 4 naut, 2 sauer og 4 geiter og hest sjølvsagt som Gunder alltid hadde. Dei hadde åker og sådde l/4 t. bygg og like mykje havre og sette 1 t. potet. Ti år seinare hadde potetåkeren vakse til 3 tynner i utsåd. Ellest var både utsåd og krøtterhald på det same som ved førre teljinga.

Gunder var i skogen om vintrane og tok helst køyring. Han brukte skinnklede og var nok ikkje frosen. Han ville alltid ha plassen nærast koiedøra. Han heldt på gammaltida ellest og, og var av dei siste i grenda som brukte stuttkofte og lokkbukse. Langt hår hadde han og, men av­klipt i nakken.

Han var morosam. «Det er itte farleg for oss som sitt på Stifti,» kunne han more seg med å seie når det var tale om arbeid og vinter­bruk. Dei hadde nok ikkje så serleg stor betaling.

Gunder sette opp ei stor stugu. Ho stod frå først av litt lenger vest enn ho gjer no. Det var kring hundreårsskiftet ho va'rt flytta og ny­stugu samtidig tilsett. Dei bala og med uthusa og sette opp nytt fjøs på same tid. Ragnhild var og med i arbeidet, trilla jord og arbeidde som ein kar.

136