Hjem Dei einskilde bruk

Dei einskilde bruk


Warning: Parameter 3 to plgContentArticleeditor::onBeforeDisplayContent() expected to be a reference, value given in /var/www/florboka.no/public_html/joomla/libraries/joomla/event/event.php on line 67

Side 137



1. rad: Peder Haugan, Torsten Nilsen Tuset, og John Torkelsen Tuset.
2. rad: Ola Haugan, John O. Flakne, Ola J. Hegset øvre, Ola O. Bakken, John O. Geving og John Nilsen Tuset.

Etter hundreårsskiftet var Ragnhild i setra med krøttera saman med dei på Melan, først i Storlia, seinare på Sjøvollen inna Usmsjøen.

Gunder O. Uthus d. i 1921, 84 år gl. Ragnhild Pedersd. vart 94 år. Ho døydde i 1931.

Gunder stod som husmann til bruket vart kjøpt i 1920. Dottersonen, Gunnar Haugan steig da inn som kjøpar. Mor hans, Brynhild Haugan, som heile tida hadde vori hjelpa til foreldra, heldt fram som hushaldar for sonen.

Anna Haugan tente i mange år hos Jensen og frue på Sjøvoll, seinare hos andre. Ho var heime om somrane og hjelpte til med slåtten. Ho flytta heim for godt da mora ikkje greidde hushaldet lenger.

Brynhild Haugan d. i 1952, 86 år gl. Gunnar T. Haugan d. I 1961, 67 år.

Gunnar moderniserte stugu og sette opp ny låve. Anna bur heime. Ho har seld bruket til Bernhard Fjeset som driv det i hop med små­bruket Sandrno.

137